Alkefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alkefamilien


Alkefuglar i utval Illustrasjon av Archibald Thorburn
Alkefuglar i utval
Illustrasjon av Archibald Thorburn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Alcidae
Artar i Noreg
Vitskapleg namn
Alcidae

Alkefamilien (Alcidae), alkefuglar, er ein familie i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Familien har 23 artar fordelt på 10 slekter, alle med leveområde i relativt nordlege, kalde område. Seks artar lever i Nord-Atlanteren, alle desse hekkar mellom anna i Noreg. 19 til 20 artar er utbreidd i Stillehavet. Alkefuglane liknar pingvinar i fargemønsteret, i den oppreiste kroppsstillinga, og i litt av levemåten. Likevel er desse to gruppene ikkje nært i slekt, men snarare eit eksempel på moderat konvergerande evolusjon.

I motsetnad til pingvinar, er alkefuglane i stand til å flyge. Unntaket var geirfuglen. Dei er gode symjarar og dukkarar, men dei opptrer keiveleg til fots. Vengene er korte med lite bereevne, så alkefuglane må nytte høg frekvens på vengeslaga for å flyge. Nolevande alkefuglar varierer i storleik frå den minste, flekkdvergalke, på 85 gram og 15 cm, til polarlomvi, som kan nå eit kilogram og 45 cm i kroppslengd.

Alkefuglane lever på opent hav og går i land berre for hekking, sjølv om enkelte artar, som lomvien bruker ein stor del av året til å forsvare reirplassen sin mot andre fuglar.

Somme artar, for eksempel slekta Uria, lomviar, hekkar i store koloniar i fuglefjell. Andre, som slekta Cepphus, teistar, hekkar i mindre grupper i steinurer, og lunde, alker og nokre starikar (slekta Synthliboramphus) hekkar i tronge jord og fjellhòler. Dvergteistar, Brachyramphus dannar ikkje hekkekoloniar.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Papegøyealke, Aethia psittacula
Foto: Art Sowls, U.S. Fish & Wildlife Service
Alkekonge, Alle alle
Foto: Michael Haferkamp
Polarlomvi, Uria lomvia
Foto: Art Sowls, U.S. Fish & Wildlife Service

Alkefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2] For kladogram, sjå Alkefamilien/Kladogram‎.

Slekt Alle

  • Alkekonge, Alle alle, Dovekie, LC, Linné, 1758

Slekt Uria

  • Lomvi, Uria aalge, Common Murre, LC, Pontoppidan, 1763
  • Polarlomvi, Uria lomvia, Thick-billed Murre, LC, Linné, 1758

Slekt Alca

  • Alke, Alca torda, Razorbill, LC, Linné, 1758

Slekt Cepphus

  • Teist, Cepphus grylle, Black Guillemot, LC, Linné, 1758
  • Beringteist, Cepphus columba, Pigeon Guillemot, LC, Pallas, 1811
  • Brilleteist, Cepphus carbo, Spectacled Guillemot, LC, Pallas, 1811

Slekt Brachyramphus

Slekt Synthliboramphus

  • manglar norsk namn, Synthliboramphus scrippsi, Scripps's Murrelet, VU, Green and Arnold, 1939
  • Kaliforniastarik, Synthliboramphus hypoleucus, Guadalupe Murrelet, EN, Xántus de Vesey, 1860
  • Mexicostarik, Synthliboramphus craveri, Craveri's Murrelet, VU, Salvadori, 1865
  • Nordstarik, Synthliboramphus antiquus, Ancient Murrelet, LC, Gmelin, 1789
  • Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume, Japanese Murrelet, VU, Temminck, 1835

Slekt Ptychoramphus

  • Sotalke, Ptychoramphus aleuticus, Cassin's Auklet, LC, Pallas, 1811

Slekt Aethia

Slekt Cerorhinca

  • Nashornlunde, Cerorhinca monocerata, Rhinoceros Auklet, LC, Pallas, 1811

Slekt Fratercula

  • Lunde, Fratercula arctica, Atlantic Puffin, LC, Linné, 1758
  • Hornlunde, Fratercula corniculata, Horned Puffin, LC, Naumann, 1821
  • Topplunde, Fratercula cirrhata, Tufted Puffin, LC, Pallas, 1769

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alkefamilien
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)