Krautrock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krautrock
Stilmessig opphav: Eksperimentell rock, psykedelisk rock, progressiv rock, jazz,[1] elektronisk muskkk
Kulturelt opphav: Seint 1960-åra og tidleg 1970-åra i Vest-Tyskland
Typiske instrument: Gitar, bassgitar, trommer, synthesizer, trommemaskin, lydband
Populær periode: Undergrunn, men somme band hadde kommersiell suksess
Avleidde former: Elektronisk dansemusikk,[2][3] ambient, New Age, post-punk, industriell musikk, Neue Deutsche Welle, post-rock
Musikalske scener
BerlinDüsseldorf
Andre emne
KunstrockSpacerock

Krautrock er eit samleomgrep for rock og elektronisk musikk påverka av eksperimentell musikk som oppstod i Tyskland seint i 1960-åra. Uttrykket kom frå korleis den engelsktalande verda tok imot denne musikken på den tida og syner ikkje til eit spesifikt miljø, stil eller rørsle, sidan mange krautrockartistar ikkje kjende til kvarandre. BBC-DJen John Peel har særleg fått æra for å spreie krautrock utanfor den tysktalande verda.

Musikken skil seg hovudsakleg frå tradisjonell blues og rock & roll påverka av britisk og amerikansk rockemusikk opp til då og var med på å danne grunnlaget for elektronisk musikk og ambient musikk, i tillegg til starten på post-punk, alternativ rock og New Age-musikk. Dei viktigaste artistane var Can, Amon Düül II, Ash Ra Tempel, Faust, Popol Vuh, Cluster, Tangerine Dream, Klaus Schulze, Neu! og Kraftwerk.

Namneopphav[endre | endre wikiteksten]

Ordet «krautrock» vart nytta om eksperimentell tysk rock seint i 1960- og tidleg i 1970-åra av den britiske musikkpressa, og vart så på ein ironisk måte teke i bruk av artistane sjølv.[4] Omgrepet var opphavleg meint på ein humoristisk måte av britiske musikkmagasin som New Musical Express og Melody Maker, der «krautrock» tidleg vart godt teke i mot. Uttrykket kjem frå det nedsetjande, britiske namnet på tyskarane «kraut» og vart av musikkpressa inspirert av eit spor frå Amon Düül-albumet Psychedelic Underground kalla «Mama Düül und Ihre Sauerkrautband Spielt Auf».[5][6][7] Som ofte er tilfellet med musikksjangrar var det få band som ønskte å bli sett i bås, og prøvde helst å unngå uttrykket. Uttrykket er òg ein problmatisk kategori sidan det er store skilnader mellom artistane som vart merka som krautrock.

Musikkforskaren Julian Cope seier i boka si Krautrocksampler at «Krautrock er eit subjektivt britisk fenomen» basert på måten musikken vart teken i mot i Storbritannia og at det ikkje var basert på det faktiske vesttyske musikkmiljøet som det voks ut frå.[5] Sjølv om eit av hovudgruppene som opphavleg vart merka som krautrock, Faust, spelte inn ein 12 minuttar lang sang kalla «Krautrock», distanserte dei seg seinare frå uttrykket og sa: «Når engelsmennene byrja å snakke om Krautrock, så trudde me dei berre håna oss... og når du høyrer den såkalla 'Krautrock-renessansen,' så tenker eg at alt me gjorde var til inga nytte.»[8]

Særpreg[endre | endre wikiteksten]

Krautrock er ei omfattande og ofte særs original blanding av post-psykedelisk jamming og stemningsfull progressiv rock blanda med idear frå samtidig klassisk musikk (særleg komponisten Karlheinz Stockhausen, som til dømes Irmin Schmidt og Holger Czukay frå Can tidlegare hadde studert) og frå den nye eksperimentelle retninga som kom fram i jazz i 1960- og 1970-åra (hovudsakleg frijazzstykke av Ornette Coleman eller Albert Ayler). Dei flytta seg bort frå songstrukturen og melodien ein såg i rockemusikk i Amerika og Storbritannia, og somme miljø dreiv muekken mot ein meir mekanisk og elektronisk stil (ei gruppe på fem amerikanarar i Tyskland, The Monks, spelte òg på beatmusikk-klubbar i landet og utforska denne industrielle og mekaniske stilen, som ein kan høyre på den tyske plata deira Black Monk Time). Hovudkarakteristikken med gruppene som vart kalla krautrock er at dei blanda rytmen og energien frå rock and roll med ein bestemt vilje til å distansere seg spesifikt frå amerikanske bluesrøter, men heller basere seg på tyske eller andre kjelder. Jean-Hervé Peron frå Faust sa: «Me prøvde å setje alt me hadde høyrt i rock 'n' roll til sides, som treakkordsmønsteret, teksten. Me ønskte å si noko heilt anna.»[8]

Typiske band som vart kalla «krautrock» i 1970-åra var Tangerine Dream, Faust, Can, Amon Düül II, Ash Ra Tempel og andre som var tilknytte produsentane og lydteknikarane i Köln, Dieter Dierks og Conny Plank, som Neu!, Kraftwerk og Cluster. Desse banda reagerte mot det kulturelle vakuumet som oppstod i Tyskland etter krigen og hadde ein tendens til å avvise den engelsk-amerikanske popkulturen til fordel for sin eigen meir radikale og eksperimentelle tyske kultur og identitet, og dei utvikla ein radikalt ny musikalsk estetikk. Mange av desse gruppene byrja karrierane sine med liten eller utan kjennskap til (eller interesse i) rock and roll: etter å ha høyrt den gradvis meir radikale og innovative musikken til Velvet Underground, Pink Floyd, Frank Zappa og Jimi Hendrix, vart etter kvart grupper som Can og Kraftwerk opne for popmusikk for første gong.

Signaturstilen til krautrock blanda rock og standard rockebandinstrument (gitar, bass, trommer) med elektroniske instrument og teksturar, ofte med det som no vert kalla ambient musikk. Ein vanleg rytme ein ofte fann i musikken var ein jamn 4/4, ofte kalla «motorik» i den engelske musikkpressa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1960-åra hadde amerikansk og britisk motkultur og hippie-rørsla byrja å flytte rocken mot psykedelia, heavy metal, progressiv rock og andre stilar, og nytta for første gongen i popmusikken samfunnskritiske og politiske tekstar. På kontinentet hadde tyske, franske og italienske studentar skapt ein klasse unge, intellektuelle lyttarar, medan kjernevåpen, forureining og krig førte til protestar og aktivisme.[9] Avantgarde-musikk hadde vendt seg mot elektronika på midten av 1950-åra. Avantgarde minimalistmusikk byrja å dukke opp i byrjinga av 1960-åra med verk av amerikanske La Monte Young, Terry Riley og Steve Reich som nytta bordun og sløyfer (ofte med synthesizerar og lydband) i ein slags psykedelisk og space-orientert musikk.

Desse faktorane la alle grunnlaget for det som kom til å bli krautrock, som dukka opp på den første store tyske rockefestivalen i 1968 i Essen.[10] Tyske rockemusikarar spelte ein slags psykedelisk musikk. Men i motsetnad frå sine amerikanske og britiske kollegaer hadde dei ikkje eit ønske om å reprodusere effektane av narkotika, men heller ei innovativ blanding av jazz, frijazz og elektronisk avantgarde. Same året, i 1968, vart Zodiak Free Arts Lab grunnlagd i Berlin av Hans-Joachim Roedelius og Conrad Schnitzler, som var med på å gjere psykedelisk rock populært i Tyskland.[9] Opphavleg var krautrock ei form for frikunst, som gjorde at krautrockbanda gav vekk platene sine gratis ved kunstmarknader.

Dei neste få åra kom ei bølgje av banebrytande grupper. I 1968 vart Can skipa av to tidlegare studentar av Karlheinz Stockhausen, som la jazz til blandinga (og på den måte var krautrock-miljøet ein parallell til den gryande Canterbury scene i England på den tida), medan Kluster (seinare Cluster) byrja å spele klaver-basert elektronisk musikk med vektlegging på statiske bordunar. I 1970 vart Popol Vuh det første krautrock-bandet som nytta elektronisk synthesizer for å skape det som vart kjend som «kosmische Musik» (kosmisk musikk). I 1971 byrja banda Tangerine Dream og Faust å nytte elektroniske synthesizerar og avansert produksjon. Uttrykket Kosmische musik kjem frå denne tida[9] med banda Tangerine Dream, Ash Ra Tempel, Sand og Cosmic Jokers (alle knytte til Klaus Schulze). Faust nytta òg synthesizerar og lydband-manipulering på ein måte som bana veg for støyrock i framtida.

I 1972 kom det ut to album som blanda europeisk rock og elektronisk psykedelia med asiatisk musikk: Popol Vuh sitt In den Gärten Pharaos og Deuter sitt Aum. Samstundes innan kosmische musik vart det gjeve ut to dobbelalbum, Klaus Schulze sitt Cyborg og Tangerine Dream sitt Zeit (produsert av Dieter Dierks), medan bandet Neu! byrja å spele særs rytmisk musikk. Midt på tiåret hadde eit av dei mest kjende tyske banda, Kraftwerk, alt gjeve ut albuma Autobahn og Radioaktivität som la grunnlaget for den britiske synthpop/new wave-musikken i 1980-åra og electro, techno og andre stilartar seinare på tiåret.

I 1974 gav Tangerine Dream ut Phaedra som skilde seg frå krautrock med ein meir melodisk sekvenserdriven stil som seinare vart kalla Berlin-skulen. Same året gav Klaus Schulze ut ei plate med rein krautrock, Blackdance, og byrja så å gje ut lengre versjonar av den typen musikk som Tangerine Dream hadde gjeve ut.

Seint i 1970-åra vart omgrepa elektronisk rock, elektronisk musikk, ny instrumental musikk og new age i større grad nytta til å skildre musikken enn Krautrock og Kosmische Musik, men det tidlege miljøet eksisterer framleis og vert rekna som ein eigen musikkstil.

Aust-Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1970-åra hadde dei eksperimentelle vesttyske rockestilane kryssa grensa til Aust-Tyskland og påverka eit austtysk rockemiljø kalla Ostrock. På den andre sida av Berlinmuren var desse banda stilmessig meir konservative enn banda i vest og dei nytta ofte meir klassiske og tradisjonelle strukturar (som dei utvikla av Kurt Weill og Bertolt Brecht i teatersongar i Berlin i 1920-åra). Desse gruppene song på tysk, ofte med poetiske tekstar ladde med indirekte doble tydingar og djupt filosofiske utfordringar stillstanden i landet. Dei mest kjende banda som representerte denne stilen i Aust-Tyskland var Puhdys og Karat.

Påverknad på seinare generasjonar[endre | endre wikiteksten]

Krautrock var eit særs viktig band i utviklinga av post-punk, mellom anna for artistar som The Fall, Joy Division, Public Image Ltd og This Heat. Sjangeren påverka òg i stor grad David Bowie på albumet Station to Station (1976) og denne forma for eksperimentering førte til 'Berlintriologien' hans.[11][12] Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra oppdaga mange på ny den tidlege tyske musikken med band som Stereolab, John Frusciante, The Mars Volta, Deerhunter, Wilco, Cloudland Canyon, Laika, Mouse on Mars, Bowery Electric, I Am Spoonbender, Tortoise og Fujiya & Miyagi.

Krautrock hadde òg innverknad på Hawkwind, særleg Dave Brock som visstnok skreiv teksten i plateomslaget til den britiske utgåva av det første albumet til Neu![13]

Radiohead har spelt Can-songen «Thief» og omtalar Can, Faust og Neu! som ein av inspirasjonskjeldene sine. The Secret Machines spelte ikkje berre Harmonia sin «(De Luxe) Immer Wieder» på The Road Leads Where It's Led, men har òg spelt på konsertar med Michael Rother.[14] Porcupine Tree har spelt «Hallogallo» av Neu! som demo for albumet deira Signify. Musikkgruppa Wilco har vist påverknad frå krautrock i musikken sin, særleg på Yankee Hotel Foxtrot og fleire songar på A Ghost Is Born, særleg «Spiders (Kidsmoke)».[15] I intervju med Jeff Tweedy har han ofte snakka varmt om Can og Neu!. Current 93 spelte Sand sin «When the May Rain Comes» på albumet Thunder Perfect Mind. Julian Cope har òg snakka om krautrock som ein inspirasjonskjelde og skreiv boka Krautrocksampler om temaet.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mera and Burnand 2006.
  2. Wilson 2006.
  3. Manning 2004.
  4. 'Krautrock - Cosmic Rock and its Legacy' by David Stubbs, Erik Davis, Michel Faber and various contributing authors. Published 2009 by Black Dog Publishing Limited, London ISBN 978-1-906155-66-7
  5. 5,0 5,1 Cope, Julian (1995). Krautrocksampler: One Head's Guide to the Great Kosmische Musik - 1968 Onwards. Yatesbury: Head Heritage. s. 64. ISBN 0-9526719-1-3. 
  6. Siebert, Armin (1999). Die Sprache der Pop- und Rockmusik: Eine terminologische Untersuchung im Englischen und Deutschen. Norderstedt: Grin. s. 114. ISBN 978-3-640-28233-3. 
  7. Blühdorn, Annette (2003). Pop and Poetry - Pleasure and Protest: Udo Lindenberg, Konstantin Wecker and the Tradition of German Cabaret. New York: Peter Laing Publishing. s. 141. ISBN 978-0-8204-6879-2. 
  8. 8,0 8,1 , January 2007, s. 20 
  9. 9,0 9,1 9,2 Scaruffi 2009.
  10. A brief summary of German rock music
  11. Buckley (2000): s. 275–277.
  12. Pegg (2004): s. 205–206.
  13. Hawkwind Quotations
  14. Bruss, Andrew (29 August 2006) 
  15. , 2005 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]