Angelika Kauffmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1784
Venus overtalar Helena til å fylgje Paris, 1780

Angelika Kauffmann (30. oktober 17415. november 1807) var ein kunstmålar frå Chur i Graubünden, i dag ein del av Sveits. Ho var ein mykje omtykt kunstmålar innanfor portrett- og historiemåleri. Kauffmann måla i ein nyklassisistisk stil og følgde nøye samtidas akademiske ideal.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kauffmann gjekk i lære hos faren Joseph Kauffmann, ein fattig, flink kunstmålar som var ein bra lærar. Allereie som tolvåring var ho ein namngjeten portrettmålar og hadde biskopar og adelsmenn som kundar. Gjennom tenåra vitja ho Italia i lange periodar, der ho fekk vellæte både som person og som kunstnar.

Midt på 1760-talet flytta Kauffmann til England. Også i England vart ho ein omtykt kunstnar. I 1768 var ho ein av dei som vart medlem då Royal Academy of Arts vart danna. Den engelske målaren Joshua Reynolds vart ein av hennar næraste vener.

1767 gifta ho seg med den svensk greven Fredrik Horn. Han viste seg vere ein ekteskapssvindlar som brått forsvann med alle oppsparte midlar. Reynolds hjelpte då til slik at ho lukkast få den anglikanske kyrkja til å erklære ekteskapet for ugyldig.

Kauffmann gifta seg i 1781 med den italienske målaren Antonio Zucchi. Året etter flytta paret til Roma. Heimen deira vart ein møtestad for kunstnarar, intellektuelle og adelsfolk. Keisar Josef II, forfattarane Goethe og Johann Gottfried Herder, arkeologen Johann Joachim Winckelmann og hertuginna Anna Amalia av Braunschweig-Wolfenbüttel var mellom dei som gjesta dei.

Kauffmann døydde i Roma, og er gravlagd i kyrkja 'Sant'Andrea delle Fratte' der i byen.

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • Retrospektive Angelika Kauffmann (270 works, c. 450 ill. ), Düsseldorf, Kunstmuseum (Nov. 15th 1998 - Jan. 24th 1999); München, Haus der Kunst (Febr. 5th - April 18th 1999); Chur, Bündner Kunstmuseum (May 8th - July 11th 1999)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bettina Baumgärtel (ed.): Retrospective Angelika Kauffmann, Exh. Cat. Dusseldorf, Kunstmuseum; Munich, Haus der Kunst, Chur, Bündner Kunstmuseum, Ostfildern, Hatje 1998, ISBN 3-7757-0756-5.
  • Angelica Kauffman Research Project: Forthcoming catalogue raisonné by Bettina Baumgärtel

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Angelika Kauffmann