Antoine Busnoys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antoine Busnoys
Fødd kring 1430, Busnes i Frankrike
Død 6. november 1492, Brugge i Belgia
Sjanger Renessansemusikk, kormusikk
Yrke Komponist

Antoine Busnoys, eller Anthoine de Busnes, som han stundom vart kalla, var ein fransk-flamsk komponist i tidleg renessanse. Han var fødd om lag 1430 og døydde 6. november 1492.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Busnoys vart fødd i den vesle bygda Busnes, fylket Pas-de-Calais lengst nord i Frankrike. Han tok namn etter fødestaden, men vi veit elles lite om han før 1461. Det året var han tilsett ved katedralen i Tours, og vart tiltala av den apostoliske domstolen for å ha jult opp ein prest:

Anthoine de Busnes, klerk og tilsett kapellan ved katedralen i Tours, slog ein namngjeven prest i klosteret i same kyrkja, og skipa det slik at andre og gav han juling. Han oppmuntra desse omgangane, ved fem særskilde høve, slik at det sistpå rann blod; for denne saka vart han underlag ekskommunikasjon. Under denne domen høgtida han og tok del i ei messe og andre heilage handlingar, utan kjennskap til lova, og ikkje i vanvørdnad av nøklane (til St. Peter). Den omtala presten er heilt komen til hektene att, og er ikkje uskikka til teneste. Busnoys bed om å verte tilgjeven, og bed attåt om å få retta opp feiltaka sine.

Dette skriftet syner at Busnoys stundom kunne ha eit heller voldsomt huglynde. Trass i dette vart han verande i Tours, og vart underdegn i Martinskyrkja der i 1465. Skattmeisteren på same staden var Johannes Ockeghem, og mykje tyder på at Busnoys var i skole hjå den noko eldre komponisten. Seinare på året 1465 kom Busnoys til Poitiers, der han søkte på stillinga som korleiar, utan å få tilsettinga.

I 1467 veit vi Busnoys vart tilsett hjå den nye hertugen av Burgund, Karl den Djerve. I 1471 vart han medlem av hoffkappelet der, og var tilsett ned mellomrom fram til hertugen døydde i 1483.

Då Busnoys døydde ni år seinare, var han i Brügge, tilsett i kyrkja St. Sauveur.

Verk og stil[endre | endre wikiteksten]

Av dei sakrale verka han skreiv er det att to Cantus Firmus-messer, og åtte motettar. Stilistisk ligg musikken hans midtveges mellom stilen til Guillaume Dufay og Gilles Binchois, og den til Josquin des Prez og Nicolas Gombert. Han foregrip stilen på 1500-talet mange stader, men er rekna som midtlekken i den flamske skolen. Etter det nokon meiner, er det Busnoys som har laga den kjende songen l`Homme Armé, som det med tida vart laga svært mange messer over. Busnoys var i alle høve ein av dei første som skreiv ei messe over denne tonen, og sette standard for andre messer av same slaget. Jacob Obrecht legg seg til dømes svært nær Busnoys i stil i høve si eiga l`Homme Armê-messe. Ei anonym samling av slike messer, funne i Napoli kan vera skriven av han, men vi veit det ikkje visst.

Busnoys skreiv mange sekulære songar, Chansons, i rondeau-stil. Mange av dei vart svært folkekjære, og stundom er det uvisst om han skreiv arrangement over folketonar, eller om det var tonane hans som vart folkeeige med tida. Nokre av tonane hans vart nytta som Cantus Firmus i messer lenge etter at han var daud. Busnoys skreiv ikkje berre på fransk, men ved eit høve på italiensk, og eit par høve flamsk.

Johannes Tinctoris kalla Busnoys og Ockeghem «dei mest framtredande og vidgjetne utøvarar i musikk-kunsta».

Verk[endre | endre wikiteksten]

Messer[endre | endre wikiteksten]

  1. Missa L'homme armé;
  2. Missa O crux lignum;
  3. Patrem Vilayge.

Messer som er tillagt Busnoys[endre | endre wikiteksten]

  1. Missa L'Ardent desir;
  2. Missa L'homme armé (I);
  3. Missa L'homme armé (II);
  4. Missa L'homme armé (III);
  5. Missa L'homme armé (IV);
  6. Missa L'homme armé (V);
  7. Missa L'homme armé (VI) (seks messer frå Napoli, tillagt på grunnlag av stilmessig likskap);
  8. Missa sine nomine;
  9. Missa Quant ce viendra.

Motettar and magnificat-settingar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ad coenam agni providi;
  2. Alleluia, verbum caro factum est;
  3. Anima mea liquefacta est / Stirps Jesse;
  4. Anthoni usque limina;
  5. Asperges me (tapt);
  6. Conditor alme siderum;
  7. Gaude coelestis domina;
  8. In hydraulis;
  9. Klagesong over den avlidne Guillaume Dufay (truleg skriven i 1474, tapt);
  10. Magnificat sexti toni;
  11. Noel, noel;
  12. Regina caeli (I);
  13. Regina caeli (II);
  14. Victimae paschali laudes.

Magnificatar og motettar, for det meste tillagt Busnoys[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnificat octavi toni;
  2. Magnificat secundi toni;
  3. Incomprehensibilia / Preter rerum ordinem.

Verdslege songar[endre | endre wikiteksten]

  1. Acordes moy;
  2. Advegne que advenir pourra;
  3. Amours nous traicte / Je m'en vois;
  4. A qui vens tu tes coquilles;
  5. Au gré de mes iculx;
  6. A une dame;
  7. Au povre par necessité;
  8. A vous, sans autre;
  9. Bel acueil;
  10. Bone chére;
  11. Ce n’est pas moy;
  12. C'est bien maleur;
  13. C'est vous en qui;
  14. Con tutta gentileça;
  15. Corps digne / Dieu quel mariage;
  16. Cy dit benedicite;
  17. En soustenant;
  18. En tous les lieux;
  19. En voyant sa dame;
  20. Esaint-il merci;
  21. Faictes de moy;
  22. Faulx mesdisans;
  23. Fortuna desperata;
  24. (O) Fortune, trop tu es dure;
  25. Ha que ville;
  26. In myne zynn;
  27. Ja que lui ne;
  28. J'ay mayns de bien;
  29. J'ay pris amours tout au rebours;
  30. Je m'esbaïs de vous;
  31. Je ne demande aultre degré;
  32. Je ne demande lialté;
  33. Je ne puis vivre ainsi;
  34. Joye me fuit;
  35. Laissez dangier;
  36. L'autrier la pieça /En l'ombre du buissonet / Trop suis jonette;
  37. L'autrier que passa;
  38. Le corps s'en va;
  39. Le monde a tel;
  40. Ma damoiselle;
  41. Maintes femmes;
  42. Ma plus qu'assez;
  43. Ma tres souveraine princesse;
  44. M'a vostre cueur;
  45. Mon mignault / Gracieuse, playsant;
  46. Mon seul et sangle souvenir;
  47. On a grant mal / On est bien malade;
  48. Pour entretenir mes amours;
  49. Pucellotte;
  50. Quant j'ay au cueur;
  51. Quant vous me ferez;
  52. Quelque povre homme;
  53. Quelque povre homme;
  54. Resjois toy terre de France / Rex pacificus;
  55. Seule a par moy;
  56. Soudainementmon cueur;
  57. Terrible dame;
  58. Une filleresse / S'il y a compagnion / Vostre amour;
  59. Ung grand povtre homme;
  60. Ung plus que tous;
  61. Vostre beauté / Vous marchez;
  62. Vostre gracieuse acointance.

Verk utan visse om opphavet[endre | endre wikiteksten]

  1. Amours, amours, amours;
  2. Amours fait moult / Il est de binne heure né /Tant que nostre argent dura;
  3. Cent mile escus;
  4. Et qui la dira;
  5. J'ay bien choisi;
  6. Il sera pour vous canbatu / L'homme armé;
  7. Je ne fay plus;
  8. Je suis venu;
  9. Le serviteur;
  10. Quant ce vendra;
  11. Sans avoir (‚S' amours vous fiu' or 'Malagrota');
  12. Se brief puis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]