Den flamske skolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Den flamske skolen er ei nemning som omfattar den mest sentrale utviklingslina innan europeisk Renessansemusikk. Tradisjonen har nokre lett attkjennelege særdrag, og strekkjer seg over vel 200 år. Som namnet tyder, har skolen opphav i Flandern. Av di desse områda på den tid vart styrd av hertugdømet Burgund, vert skolen ofte kalla Burgundarskolen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til den flamske skolen er å finne i samhandelen mellom hertugen av Burgund, kongen av England og dei flamske handelsbyane, som var knytt til Burgund. Den vanlege oppfattinga er at dei harmoniske uttrykka som vart utvikla i denne retninga har opphav i den engelske mellomaldermusikken på 1300-talet, som møttest med dei kontinentale straumane i siste halvdel av hundreårskrigen mellom Frankrike og England. Samstundes var Frankrike svakt etter mange år med krigar og tap mot England, og låg nede som kulturpolitisk stormakt.

Sentralt i den engelske påverknaden står komponistane John Dunstaple og Leonel Power. Desse og andre engelske komponistar stod for ein mjukare songstil enn den som hadde vore vanleg på kontinentet til då. Mellom anna la dei vekt på ters-samklang, noko som ikkje hadde slått gjennom i Frankrike. Dei førde med seg ein folkeleg stil der trestemt song var vanleg, gjerne harmonisert i sekstakkordar med tersen nedst. Denne stilen vart ofte kalla Fauxbourdon, på engelsk faburden.

Tidleg på 1400-talet var det to gjennomgripande storhendingar som skaut fart i den kulturelle utvekslinga: Fredsforhandlingane etter Slaget ved Agincourt i 1415, og dei kyrkelege møta under konsilet i Konstanz same året. Ved båe høve var det musikarar og komponistar til stades frå mange europeiske land, og nokre av dei var unge gutar, til dømes Guillaume Dufay, som reiste som korgut. Han vert rekna som den første førande komponisten i den flamske skolen, og tok sterke inntrykk, trur ein, av møtet med dei engelske musikarane.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonslina vert påbyrja av Guillaume Dufay og den samtidige Gilles Binchois, båe frå Flandern. På denne tida var det mykje samhandel mellom Nederlanda og dei frie bystatane i Italia, og fyrstane her tilsette gjerne flamske komponistar og musikarar. Difor reiste desse og etterfølgjarane deira fram og attende mellom Italia og Flandern det neste hundreåret.

Stilen til Dufay endra seg og vart meir reinskoren ettersom han vart eldre, og han etterlet seg ein rik arv dei yngre bygde vidare på. Neste generasjon tel først og fremst komponisten Johannes Ockeghem. Han vart rekna som læraren til Josquin des Prez, som skreiv eit minneverk om Ockeghem. Gjennom Ockeghem vart det og ein monaleg større fransk påverknad på stilen. I andre helvta av 1400-talet vert óg Jacob Obrecht rekna som sentral.

Josquin des Prez vert rekna som den største og mest vidgjetne komponisten innanfor retninga. Han var óg yndlingskomponisten til Martin Luther.

Etter Josquin heldt dei flamske komponistane fram med å koma til Italia, og både Orlando di Lasso, Heinrich Isaac og Adrian Willaert er rekna som arvtakarar. Ein lyt óg rekne med at Giovanni Pierluigi da Palestrina har teke til seg mykje av dette tradisjonsstoffet og nytta det på sitt vis. Vi veit til dømes at han laga minst ei messe over ein motett av Josquin. Difor er det truleg at den klassiske prima prattica eller palestrinastilen har vakse fram frå dei harmoniske reglane i den flamske skolen. Ein lyt óg rekne med at både Antonio Vivaldi og Johann Sebastian Bach har kjend til dei.

Frå Adrian Willaert kan ein følgje ei kyrkjemusikalsk line vidare til Andrea Gabriel og brorsonen Giovanni Gabrieli, og frå dei til Heinrich Schütz. Sidan stilretninga tykkjest ha vore utslagsgjevande for klassisk renessansestil, får ein rekne med at det er få retningar som har hatt meir å seie for kyrkjemusikken.

Kjelde: Allan W. Atlas: Renaissance Music, Norton & Company, London 1998.

Komponistar[endre | endre wikiteksten]

.