Antoine Forqueray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antoine Forqueray
Antoine Forqueray.jpg
Antoine Forqueray
Fødd september 1672, Paris i Frankrike
Død 28. juni 1745 (72 år), Mantes-la-Jolie i Frankrike
Instrument gambe, cembalo
Periode Barokken
Sjanger Kammermusikk, klavermusikk
Yrke Komponist

Antoine Forqueray (fødd september 1672 i Paris, død 28. juni 1745 i Mantes-la-Jolie) var ein fransk komponist og kongeleg kammermusikar, og ved sidan av Marin Marais den viktigaste gambisten ved hoffet til Ludvig den 14.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Familien Forqueray stamma frå Chaumes-en-Brie i Seine-et-Marne. Antoine Forqueray er den andre i ei line av komponistar som omfattar faren Michael I (1650-1714), broren Michael II (1681-1757) og Nicolas Gilles (1703-1761), alle organistar, og ikkje minst sonen Jean-Baptiste (1699-1782) som lik faren var gambist og komponist.

I aprilnummeret 1682 av tidsskriftet Mercure Galant vert det sagt at den særs unge bassgambespelaren Forqueray fekk æra av å spele for Ludvig den 14, og kongen avgjorde at unge musikaren skulle oppfostrast ved hoffet og få opplæring i gambespel. Etter at Forqueray hadde utvikla seg til ein virtuos gambist vart han utnemnt til musikar (musicien ordinaire) ved det kongelege kapellet (La Chambre du Roy).

I kapellet musiserte han saman med François Couperin, Robert de Visée og andre. Under hans framføringar akkompagnerte kona hans han på cembalo fram til 1710. Han vart ved hoffet til han trekte seg tilbake i 1730, og busette seg då i Mantes-la Jolie. Sonen Jean-Baptiste Forqueray overtok stillinga hans ved hoffet i 1742.

I Versailles fekk han ikkje berre ry for improvisasjonane sine, men han skreiv òg gambemusikk. Sonen samla ein del av musikken i Pièces dei Viole (1747), som i tillegg til gambestykka inneheldt ein versjon av stykka for cembalo. Musikken hans er av ein ganske robust italiensk karakter i motsetnad til den affekterte og sterkt ornamenterte stilen som var vanleg i Frankrike den gongen, og som til dømes pregar verka til Marin Marais.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]