Asitiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asitiar


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Philepittidae

Asitiar er ein biologisk familie, Philepittidae, av små sporvefuglar. Familien består av fire artar i to slekter, endemiske til Madagaskar. Tidlegare var det vanleg å rekne asitiar nært i slekt med pittaer, det forklarer det vitskaplege namnet på familien. Men ein studie i 1993 la framlegg om at asitiar faktisk berre er ei gruppe innanfor breinebb.[1] Morfologien av syrinx hos asitiar er svært lik den til blåstrupebreinebb i Afrika. IOC World Bird List, versjon 2.4, følgjer framlegget og listar asitiar innfor breinebbfamilien. [2] Clementslista, desember 2009, gjev framleis asitiar opp som eigen familie Philepittidae. [3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Asitiar er små skogsfuglar med kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og i fargerike hudfaldar rundt auga hos hannfuglar. Desse hudfaldane, som er mest synlege i hekkesesongen, får farga si frå eit utval av kollagenfibre.[4] Denne metoden for pigmentering er unik i dyreriket. Det finst fleire andre eigenskapar hos asitiar som skil dei frå breinebb, har dei tolv halefjør på ekstremt kort hale, og syrinxen deira er omslutta av ein stor bronkial ring, og dei har delte tunger tilpassa nektarføde.[5] Dei har ei lang ytre primærfjør som er sterkt synleg i flukt, moglegvis brukt i signalering under kurtise. Dei to slektene er ganske ulike.

Diett[endre | endre wikiteksten]

Dei vektigaste komponenten i kosten til asitiar er frukt. Eit breitt spekter av ulike frukter går inn i dietten til familien, og dei er blant dei viktigaste frøspreiarar, då det er svært få andre fruktetande fuglar i skogane i Madagaskar. Dei vil òg ta insekt. Artene i Neodrepanis vil ta nektar, men gjer det med ei lang tunge i staden å stikke dei bua nebba sine langt inn i blomar.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Dei som lever i regnskog under den gassiske regntida, byrjar hekkinga rett før regnet i september til november.[5] Fløyelsasiti byrjar litt tidlegare i nordlege delen av området sitt. Dette er einaste asiti der ein har detaljert informasjon tilgjengeleg om hekkebiologi. Han har eit polygynt forplantingssystem, med hannar som held små territorium eller paringsarenaer der dei viser seg for hofuglar. Reirbygging og ruging gjerast utelukkande av hoer. Asitiar byggjer forseggjorde, pæreforma, vove strukturar som hengjer ned frå greiner, og liknar reir gjort av breinebb. Byggjemetoden til asitiar er unik blant fuglar. Dei lagar reirinngangen etter at reiret elles er ferdig ved å trykkje eit hòl gjennom veggen. Det vanlege scenarioet hos andre artar er at kanten av inngangen blir fletta inn i veggen av reiret.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Ein art, dvergasiti, er oppført som sårbar av BirdLife International og IUCN.[6] Det var ein gong rekna å vere ein truga art, og til og med moglegvis utdøydd, men dette skuldast manglar på ornitologiske undersøkingar i det høgtliggande utbreiingsområdet for arten. Seinare forsking har synt at arten er meir talrik enn det ein tidlegare har trudd, men han er enno rekna som truga på grunn av tap av og fragmentering av habitat. Gulasiti vurderast som nær truga, han har ein fragmentert distribusjon, antatt liten bestand og møter press frå menneskeleg aktivitet.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Prum, R. 0. 1993. "Phylogeny, biogeography, and evolution of the broadbills (Eurylaimidae) and asities (Philepittidae) based on morphology." Auk '110' (2):304-324.
  2. Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2010. IOC World Bird Names (version 2.4). Available at http://www.worldbirdnames.org/ [Lese 20. juni 2010]
  3. Clementslista frå desember 2009
  4. Prum, R. O., Morrison, R. L., and Ten Eyck, G. R. (1994). "Structural color production by constructive reflection from ordered collagen arrays in a bird (Philepitta castanea: Eurylaimidae)". Journal of Morphology '222' (1asity): 61-72. doi:10.1002/jmor.1052220107
  5. 5,0 5,1 Hawkins, F. (2003) Family Philepittidae (Asities) Pp 94-105 in del Hoyo J., Elliott A. & Christie D.A. (2003) Handbook of the Birds of the World. Volume 8. Broadbills to Tapaculos Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-50-4
  6. BirdLife International (2010) Species factsheet: Neodrepanis hypoxantha. Lest 11. juli 2010
  7. BirdLife International (2010) Species factsheet: Philepitta schlegeli. Lest 11. juli 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asitiar