Aslak Bolts jordebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aslak Bolts jordebok er ei jordebok erkebiskop Aslak Bolt fekk laga for Nidaros domkyrkje. Jordeboka vart laga på 1430-talet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter svartedauden fall inntektene kyrkja fekk frå jordeiegedommane sine. Det var derfor viktig å få betre orden i økonomien. Som et ledd i dette arbeidet vart det laga ei jordebok med oversyn over gardane, bruka, skyldpartane og rettane Nidaros domkyrkje åtte.

Boka bygde på eldre jordebøker frå 1200-talet og 1300-talet og informasjon erkebiskopen samla på visitasreisene sine.

Registrene i jordeboka er ordna topografisk etter fylke og skipreide, etter ei rute frå Beitstad i Inderøy og sørover til Sunnmøre; ei anna rute frå Namdalen og nordover i Hålogaland. Registeret gjev opplysningar om gardnamn, skyld før og etter svartedauden og ofte korleis kyrkja har fått hand om eigedommane.

Boka var i bruk i hundre år, fram til reformasjonen. Gjennom heile denne perioden vart registeret ajourført. Då erkebiskop Olav Engelbrektsson under reformasjonen flydde til Nederland, hadde han med seg jordeboka og andre arkivsaker. Her vart det teke vare på saman med arkivsakene Kristian II hadde tatt med då han rømte landet i 1523. Arkivet hamna sidan i Tyskland. I 1830 vart samlinga utlevert til Noreg.

Det meste av hovudteksten er skriven med same hand, på mellomnorsk med ein del svenske målmerke.

Duc pennam, rege cor,
virgo Maria, recor
(Før pennen, lei hjarta,
jomfru Maria, eg bed deg)

Frå innleiingsbolken til Aslak Bolts ordebok

Trykte utgåver[endre | endre wikiteksten]

P.A. Munch gav ut Aslaks Bolts jordebok allereie i 1852. Boka har vore ei viktig mellomalderkjelde i halvtanna hundreår. Oluf Rygh jamførte Munch si utgåve med handskriftet då han arbeidde med Norske Gaardnavne, og Rygh si retta utgåve finst i Riksarkivet.

I 1997 gav Riksarkivet ved Jon Gunnar Jørgensen ut ei ny utgåve av jordeboka. Denne utgava er tospråkleg, slik at venstre oppslagsark er ordrett tolking eller avskrift, høgre oppslagsark er moderne bokmål.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]