Assia Djebar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Assia Djebar.

Assia Djebar (fødd 30. juni 1936), (arabisk آسيا جبار), er ein algerisk forfattar som skriv på fransk. Ho har skrive romanar, noveller, poesi, essayar og skodespel, og har i tillegg regissert fleire filmar.

Assia Djebar var opphavleg født i Cherchell med namnet Fatima-Zohra Imalayène. Ho tok pennenamnet med tyder 'trøyst/tilfreds' (Assia) og 'sta' (Djebar, ei av nemningane til Profeten Mohammed)[1].

Bøkene hennar handlar om feminisme, historie og om språklege og valdelege brytningar i Algeria. Assia Djebar vert rekna som ein av dei viktigaste og mest inflytelsesrike forfattarane frå Magreb. I 2005 vart ho, som den fyrste frankofone arabiske forfattaren, vald in Académie française.

«J’écris, comme tant d’autres femmes écrivains algériennes avec un sentiment d’urgence, contre la régression et la misogynie. » — Assia Djebar.
«Eg skriv, som mange andre algerske kvinnelege forfattarar, med ein følelse av hastverk, mot tilbakeskritt og kvinnehat.» — Assia Djebar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Assia Djebar vart fødd inn i ein tradisjonell velståande algersk familie i Cherchell, ein liten kystby ikkje langt frå Algiers[2]. Far hennar, Tahar Imalhayène, var ein småskulelærar frå Gouraya, som hadde gått på muslimsk lærarskule i Bouzaréah. Mor hennar, Bahia Sahraoui, kom frå ein imazighisk familie i Berkani, som høyde til ait Menasser-ætta frå Dahra. Då Assia Djebar voks opp var Algerie framleis under fransk okkupasjon og ho var elev ved ein privat fransk kolonialskule i Mouzaïaville (Mitidja). 10 år gammal vart ho elev ved Collège de Blida, der ho lærte klassisk gresk, latin og engelsk. Då ho gjekk ut frå gymnaset i 1953 tok ho til med førebuande litieraturstudiar (Hypokhâgne) i Algers.

I 1954 tok ho til med førebuande literaturstudiar (khâgne) i Paris. Året etter kom ho inn ved l'École normale supérieure de jeunes filles de Sèvres (Universitetet for unge kvinner i Sèvres), der ho studerte historie. Som ein protest mot Frankrike si framferd under den algeriske frigjeringskrigen nekta ho i 1956, saman med fleire andre algeriske studentar, å ta eksamen. I 1957 publiserte ho den fyrste romanen sin, La Soif (Tørsten). Året etter slutta ho ved universitetet og gifta seg med algeiriaren Malek Alloula og forlet deretter Frankrike.

I 1956 flytta ho til Rabat i Marokko, der ho studerte og underviste moderne Maghrebisk historie, ved det litterære fakultetet. Den 1. juli 1959 returnerte ho til Algeria, der ho fram til 1965, underviste historie og filosofiarabisk ved Universitetet i Algers.

I tidsrommet 1966 til 1975 budde ho for det meste i Paris, men var ofte på vitjing i Algeria. Ho gifta seg med forfattaren Walid Carn, med pennenamnet d'Ould-Rouis Ahhmed, og skreiv saman med han Rouge l'aube (Morgonrauden). Seinare gifta ho seg på nytt med Malek Alloula.

Frå 1995 til 2001 var ho direktør ved Senter for fransk og frankofoni ved Louisiane i USA. I 1999 vart ho vald til Académie royale de langue et de littérature françaises de Belgique (Det kongelege akademiet for fransk og frankofoni i Belgia).

Frå 2001 har ho undervist ved avdeling for fransk ved Universitetet i Nyork. Den 16. juni 2005 vart ho vald til medlem av Académie française, som etterfylgjar til Georges Vedel. Ho vart innsett den 22. juni 2006.

Bøkene til Assia Djebar er omsett til 21 språk. Ho bur i Frankrike og USA, der ho underviser i fransk literatur.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1996 - Den internasjonale literære Neustadt-prisen, (USA).
  • 199? - Den internasjonale Palmi-prisen (Italia).
  • 2000 - Den tyske bokhandlar- og forleggarfredsprisen (Frankfurt).
  • 2005 - Den internasjonale Pablo Neruda-prisen (Italia).
  • 2006 - Den internasjonale Grinzane Cavour-literaturprisen (Torino).

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • La Soif (Tørsten), roman (1957)
  • Les Impatients (Dei utålmodige), roman (1958)
  • Les Enfants du Nouveau Monde (Barn av den nye verda), roman (1962)
  • Les Alouettes naïves (Dei truskyldige lerkene), roman (1967)
  • Poèmes pour l'Algérie heureuse (Poem til eit lykkelege Algeria), poesi (1969)
  • Rouge l'aube (Mongonrauden), skodespel (1969)
  • Femmes d'Alger dans leur appartement (Algerske kvinner i heimane sine), noveller (1980)
  • L'Amour, la fantasia (Kjærleiken, fantasien), roman (1985)
  • Ombre sultane (I skuggen av sultanen), roman (1987)
  • Loin de Médine (Langt borte frå Médine), roman (1991)
  • Vaste est la prison (Ovstort er fengselet), roman (1995)
  • Le Blanc de l'Algérie (Dei kvite algerierane), forteljing (1996)
  • Ces voix qui m'assiègent: En marge de ma francophonie (Desse stemmene som gjerder med inne: i utkanten av frankofonien min), essay (1999)
  • La Femme sans sépulture (Kvinna utan gravstein), roman (2002)
  • La Disparition de la langue française (Forsvinninga av det franske språket), roman (2003)
  • Nulle part dans la maison de mon père (Ingen stad i huset til far min), roman (2007)
Filmar
  • La Nouba des femmes du Mont Chenoua (Songen til kvinnene i Chenouafjellet) (1978)
  • La Zerda ou les chants de l'oubli (Zerda eller songar frå gløymselen) (1982)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Calle-Gruber, Mireille, Refaire les contes dans la langue adverse. Assia Djebar, Oran, langue morte, Ruhe, Ernstpeter: Assia Djebar. Studien zur Literatur und Geschichte des Maghreb. Bind 5. Würzburg: Königshausen & Neumann, 2001, ss. 157-167.
  • Calle-Gruber, Mireille, Assia Djebar, ou la résistance de l'écriture: regards d'un ecrivain d'Algérie, Maisonneuve & Larose, 2001.
  • Calle-Gruber, Mireille, Assia Djebar, 2006.
  • Beïda Cheiki, Les romans d'Assia Djebar, 1990.
  • Clerc, Jeanne-Marie, Assia Djebar : écrire, transgresser, résister, Paris/Montréal, L’Harmattan, 1997.
  • Déjeux, Jean, Assia Djebar: romancière algérienne, cinéaste arabe, Sherbrooke Univ. Press, 1980.
  • Grandguillaume, Gilbert, La relation Père-Fils dans l’Amour la Fantasia d’Assia Djebbar (sic !) et Bandarshah Tayeb Salah, Littératures maghrébines, colloque Jacqueline Arnaud, Paris XIII. Paris: L’Harmattan, 1990, Vol. 10, T. 1, ss 167-173. URL: http://grandguillaume.free.fr/ar_fr/bandarshah.html. (vitja: 19/12-2008)
  • Geyss, Roswitha, Bilinguisme littéraire et double identité dans la littérature maghrébine de langue française: le cas d'Assia Djebar et de Leila Sebbar, Diplomarbeit zur Erlangung des Magistergrades für Philosophie, Universität Wien, 2006.
  • Hornung, Alfred, Ernstpeter Ruhe, Postcolonialisme et autobiographie, Albert Memmi, Assia Djebar, Daniel Maximim. Amsterdam – Atlanta : Studies in comperative literature 20, Serieredaktørar C.C. Barfoot and Theo d’Haen.
  • Kirsch, Fritz Peter, Quelques réflexions sur l’Histoire dans les œuvres narratives d’Assia Djebar, Chroniques allemandes no 8-2000: Assia Djebar en pays de langue allemande. Centre d’études et de recherches allemandes et autrichiennes contemporaines (CERAAC) de l’Université Stendhal-Grenoble III, 91-103.
  • Okresek, Christine, Re-dire l’Histoire. Travail fictionnel et recherches historiques dans trois romans d’Assia Djebar (L’Amour, la fantasia – Vaste est la prison – Le Blanc de l’Algérie), Diplomarbeit zur Erlangung des Magistergrades für Philosophie, Universität Wien, 1997.
  • Rezzoug, Simone, Emergence d’une parole féminine dans l’histoire: le dernier roman d’Assia Djebar, Présence de femmes, Itinéraires d’apprentissage. Alger: Hiwer, 1987, pp 106-110.
  • Ringrose, Priscilla, Sistre and the Semiotic: Reinscribing Desire into Language, Ruhe, Ernstpeter: Assia Djebar, Studien zur Literatur und Geschichte des Maghreb, Band 5, Würzburg, Königshausen & Neumann, 2001, ss. 91-105.
  • Ruhe, Ernstpeter, Fantasia en Alsace. Les Nuits de Strasbourg d’Assia Djebar, Chroniques allemandes nr 8, 2000 : Assia Djebar en pays de langue allemande. Centre d’études et de recherches allemandes et autrichiennes contemporaines (CERAAC) de l’Université Stendhal-Grenoble III, pp 105-121.
  • Rocca, Anna, Assia Djebar: le corps invisible, voir sans être vue, L'Harmattan, 2005.
  • Thiel, Veronika, Assia Djebar: la polyphonie comme principe générateur de ses textes, Diplomarbeit zur Erlangung des Magistergrades für Philosophie, Universität Wien, 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. On Assia Djebar
  2. Déjeux, Jean, Assia Djebar, écrivain algérien cinéaste arabe, Sherbrooke University Press, 1980.