Atommakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atommakt er ei nemning brukt om ein stat som har atomvåpen. Desse våpna gjev i teorien eit svært sterkt vern til staten, ettersom ingen vil våga å gå til krig mot dei. Den første atommakta i verda var USA, som saman med Russland (tidlegare Sovjetunionen), Storbritannia, Frankrike og Kina blir rekna som internasjonalt godkjende atommakter ifølge ikkjespreiingstraktaten om atomvåpen.

To land som ikkje har skrive under på avtalen, India og Pakistan, har seinare utvikla atomvåpen og utført prøvesprengingar på eiga hand.

Sjølv om dei har nekta for det har det lenge vore ei utbreidd oppfatting at Israel har atomvåpen. Noreg leverte i 1959 tungtvatn til Israel [1]. I 1986 gav ein tidlegare israelsk teknikar, Mordechai Vanunu, eit intervju til The Sunday Times, der han kom med detaljerte opplysningar og bilete frå eit israelsk atomanlegg[2]. I fylje Vanunu hadde Israel på det tidspunktet nok plutonium til å produsera 100 kjernefysiske bomber. Israel har ikkje vedgått at dei har kjernefysiske våpen før statsministeren deira, i ein tale under ei vitjing til Tyskland den 12/11 2006, tok med Israel i ei oppramsing av land som har kjernefysiske våpen [3]. Israel har ikkje skrive under på Ikkjespreiingstraktaten. Det er ikkje kjent at Israel har utført prøvesprengingar.

Nord-Korea sprengde i 2006 si fyrste atombombe og må difor reknast som ei atommakt. Nord-Korea har heller ikkje skrive under på Ikkjespreiingstraktaten.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Hansen. s. og Holthe, G., Visste at Israel ville ha atomvåpen, NRK - Brennpunkt, 6/12 2005
  2. Hultgreen,J., Israel styrker sin atomslagkraft, Aftenposten, 12/10 2003
  3. Pravda, Iran, Palestinians on Olmert's agenda in Germany, Pravda, 12/12 2006
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.