Bacău

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bacău
Byvåpenet til Bacău
Byvåpenet til Bacău


Plassering
Bacău is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Bacău
Først nemnd i 1408
Borgarmeister Romeo Stavarache
Geografi
Flatevidd
 - By

43,1 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

136 087
  3 157,5 /km²
Koordinatar 46°35′0″N 26°55′0″EKoordinatar: 46°35′0″N 26°55′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 600xxx
Retningsnummer (tlf) +40 02 34
Bilnummer BC
Nettstad: municipiulbacau.ro

Bacău (/ba'kəw/) er hovudstaden i Bacău fylke i Romania. Han har om lag 145 000 innbyggjarar og ligg i den historiske regionen Moldavia, ved foten av Karpatane og elva Bistrița. Like etter Bacău munnar elva ut i Siret. Gjennom Ghimeșpasset er Bacău knytt til Transilvania.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Precistakyrkja

Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1408 under regjeringstida til den moldaviske fyrsten Alexander den gode (Alexandru cel Bun). Opphavet til namnet er uklårt, men eit mogeleg opphav er at namnet kjem frå ein ungarsk krovert kalla Bakó, som visstnok hadde eit vertshus langs vegen frå Bacău til Roman. Ein annan teori er at namnet har slavisk opphav og viser til det urslaviske ordet byk, som tyder «okse».

Frå rundt 1591 til 1789 var byen sete for biskopen av Bacău, ei stilling som alltid vart halde av ein prest frå Det polsk-litauiske samveldet. Under den første verdskrigen og okkupasjonen av București av Sentralmaktene var Bacău hovudkvarteret for den rumenske hæren.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Bacău innanfor Bacău fylke

Bacău er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Busetnad Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Bacău 144 307 136 087

Storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Bacău, bykommunen Buhuși (oraș) og dei mindre kommunane (comună) Berești-Bistrița, Buhoci, Faraoani, Filipești, Gioseni, Hemeiuș, Itești, Izvoru Berheciului, Letea Veche, Luizi-Călugăra, Măgura, Mărgineni, Gârleni, Odobești, Prăjești, Sărata, Săucești, Secuieni, Tamași, Blăgești, Horgești og Traian.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]