Oradea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oradea
Oradea vert populært kalla «den gule byen»
Oradea vert populært kalla «den gule byen»
Byvåpenet til Oradea
Byvåpenet til Oradea


Plassering
Oradea is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Bihor
Geografi
Flatevidd
 - By

111,2 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

205 077
  1 844,2 /km²
260 000
Koordinatar 47°04′0″N 21°55′0″EKoordinatar: 47°04′0″N 21°55′0″E
Høgd over havet 142 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 3700
Retningsnummer (tlf) +40 02 59
Bilnummer BH
Nettstad: www.oradea.ro


Oradea (/o'ra.děa/; ungarsk Nagyvárad; tysk: Großwardein, tyrkisk Varat; jiddisk גרויסווארדיין) er hovudstaden i Bihor fylke i Crişana i Romania. Byen ligg tett attved den ungarske grensa og har om lag 205 000 innbyggjarar, medan storbyområdet om lag har 260 000 innbyggjarar. Oradea er ein av dei mest velståande byane i Romania.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oradea har ei historie som går tilbake til ei borg som vart bygd her på 900-talet. Bispedømet her vart grunnlagt på 1000-talet av kong Ladislaus I av Ungarn. Byen vart først nemnd i eit dokument i in 1113 under det latinske namnet Varadinum. Byen blømde på 1200-talet. Festninga Oradea, som det framleis finst ruinar av i dag, vart først nemnd i 1241 under den mongolske invasjonen av Europa. 1300-talet var den mest velståande perioden for byen. Det vart reist statuar av St. Stefan, Emeric og Ladislaus. Biskop Andreas Báthori (1329-1345) bygde opp at katedralen i gotisk stil.

I 1474 vart byen rasert av tyrkarane. Først på 1500-talet byrja Oradea å utvikle seg til eit urbant område. På 1700-talet planla ingeniøren Franz Anton Hillebrandt frå Wien byen i barokkstil, og frå 1752 vart mange av landemerka i byen bygd, som den romersk-katolske domkyrkja og bispepalasset.

Etter Det osmanske riket invaderte Ungarn på 1500-talet vart byen i periodar styrt av Fyrstedømet Transilvania, Det osmanske riket og Habsburgmonarkiet. I 1598 vart festninga omleira, og 27. august 1660 fall Oradea til tyrkarane og vart eit eyaletsenter kalla Varat. Byen vart sett fri av austerrikarane i september 1692.

Mot slutten av den første verdskrigen vart Oradea, trass i den ungarske majoriteten, gjeve til Kongedømet Romania utan folkeavstemming. I 1940 vart nordlege delar av Transilvania, inkludert Oradea gjeve tilbake til Ungarn, men dette varte berre til slutten av den andre verdskrigen då landområda vart gjeve tilbake til Romania.

I 1925 fekk Oradea kommunestatus, og han fekk namnet Oradea-Mare (Stor-Oradea).

Det har gjennom lange tider vore etniske spenningar i området, men i dag lever desse etniske folkegruppene fredeleg side om side.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oradea