Brăila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brăila
Brăila 19th century.jpg
Byvåpenet til Brăila
Byvåpenet til Brăila


Plassering
Brăila is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Brăila
Grunnlagd 1408
Borgarmeister Constantin Sever Cibu
Geografi
Flatevidd
 - By

33,2 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

210 400
  6 337,3 /km²
600 000
Koordinatar 45°16′09.1″N 27°57′26.9″EKoordinatar: 45°16′09.1″N 27°57′26.9″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 810xxx
Retningsnummer (tlf) +40 02 39
Bilnummer BR
Nettstad: www.primariabraila.ro


Brăila (/brə'i.la/, bulgarsk Браила, tyrkisk Ibrail) er ein by i Muntenia, aust i Romania. Han er ein hamneby ved Donau og hovudstad i Brăila fylke. Byen har om lag 220 000 innbyggjarar og er den tiande største byen i landet. Han ligg like i nærleiken av Galaţi og dei dannar i lag eit storbyområde med om lag 600 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brăila på eit postkort frå tidleg på 1900-talet.

Det vart nemnd ein busetnad ved same stad ved Donau kalla Drinago rundt 1350. I greske dokument vart staden referert til som Proilabum eller Proilava, ei gresk tilpassing av det slaviske namnet Brailov. Opphavet til og tydinga av namnet er ukjend.

Som ein kaza, vart byen og det omliggande område kontrollert av Det osmanske riket frå 1538–1540 og fram til 1829. Han vart ein del av Valakia igjen via Akkermankonvensjonen). Osmanarane kalla byen Ibrail eller Ibraila. Den moldaviske fyrsten Stefan den store gjekk til åtak, plyndra og sette byen i brann den 2. februar 1470, under eit hemntokt mot den valakiske fyrsten Radu den rettvise, som hadde alliert seg med osmanarane. Byen vart ein kort periode styrt av Mikael den modige, fyrste av Valakia (1595-1596).

På 1800-talet vart hamna ein av dei tre viktigaste hamnene langs Donau i Valakia. Dei to andre var Turnu og Giurgiu. Den mest velståande perioden i historia til byen var mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet då han var ei viktig hamn for handel inn og ut av Romania.

Etter den rumenske revolusjonen i 1989 gjekk dei økonomiske tilhøva i Brăila nedover.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brăila

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Innbyggjartal i Romania 1. juli 2007