Craiova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Craiova
Rådhuset Dolj
Rådhuset Dolj
Byvåpenet til Craiova
Byvåpenet til Craiova


Plassering
Craiova is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Dolj
Borgarmeister Antonie Solomon
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

81,4 km²
550.1 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

299 429
  3 678,5 /km²
333 834
Koordinatar 44°20′0″N 23°49′0″EKoordinatar: 44°20′0″N 23°49′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer RO-200000
Retningsnummer (tlf) +40 02 51
Bilnummer DJ
Nettstad: www.primariacraiova.ro


Craiova (/kra'jo.va/) er den sjette største byen i Romania og hovudstaden i Dolj fylke. Han ligg nær austbreidda av elva Jiu sentralt i Oltenia. Han har lenge vore eit politisk senter og ligg om lag halvvegs mellom Dei sørlege Karpatane i nord og Donau i sør. Craiova er det største handelssenteret vest for Bucureşti og den viktigaste byen i Oltenia (Vesle-Valakia).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Craiova, som ligg på same stad som den dakiske og romerske byen Pelendava, var tidlegare hovudstad i Oltenia. Den høgaste bojartittelen i Valakia var banen, ein posisjon som Craioveşti-familien i starten hadde. Banane hadde rett til å prege eigne myntar med eigne bilete og dette var opphavet til det rumenske ordet ban for myntar.

I 1395 var Craiova truleg åstad for eit slag som den valakiske fyrsten Mircea I av Valakia vann over Bayezid I, Sultan av Det osmanske riket (sjå slaget ved Rovine).

Craiova vert ofte omtalt som ein by etter første halvdel av 1500-talet og vart rekna som ein viktig økonomisk region i Valakia og heile Romania. I 1718-1737 okkuperte Habsburg Oltenia og Craiova vart mindre viktig på grunn av auka sentralisering. I 1761, under fyrst Constantine Mavrocordatos, flytta banane til Bucureşti og lét kaymakamane representere seg i Craiova.

Under fyrst Emanuel Giani Ruset vart sete i Valakia flytta til Craiova (1770-1771) sidan staden vart sett på som ein tilfluktsstad under den russisk-tyrkiske krigen 1768-1774. Ein stor del av byen vart brend ned av opprørspasjaen Osman Pazvantoğlu i 1800.

Under det valakiske opprøret i 1821 slo innbyggjarane i dagens Dolj fylke seg saman med Tudor Vladimirescu sine Pandurs og medverka til toktet mot Bucureşti. Dei to første tiåra på 1800-talet blømde Craiova økonomisk, basert på handverk og offentlege tenester. Då Det russiske keisardømet okkuperte byen og under tidleg i Regulamentul Organic-styret (1828-1834) auka byen det økonomiske utbyttet. I 1832 var det 595 butikkar, 197 av dei var i brakker og 398 i hus bygd av murstein. På denne tida eksporterte Craiova kveite, pels, lêr, levande dyr og andre produkt til Det austerrikske og Det osmanske riket.

Costache Romanescu, ein borgar frå Craiova, var av leiarane i den provisoriske regjeringa under den valakiske revolusjonen i 1848. Valakia sine to siste herskarar, Gheorghe Bibescu og Barbu Dimitrie Ştirbei, kom frå ein viktig bojarfamilie i Craiova – Bibescu-familien.

Rundt 1860 var det 4633 bygningar i Craiova, der 3220 av desse var hus, 26 kyrkjer, 11 skular og 60 fabrikkar og verkstader. I tillegg husa byen om lag 90 industriverksemder, der tolv var møller, tre ølbryggeri, to olje- og gassfabrikkar, fire garveri og to boktrykkeri.

Perioden etter sjølvstendekrigen var ien periode med økonomisk og kulturell framgang. På slutten av 1800-talet hadde Craiova om lag 40 000 innbyggjarar med små fabrikkar (som produserte kjemikaliar, jordbruksvarer og byggemateriale) og tekstilfabrikkar. 26. oktober 1896 kom kraftverket i Craiova i drift. Craiova var den første byen i landet som fekk elektrisk straum ved hjelp av forbrenningsmotorar.

I mellomkrigstida vart det lite industrialisering i tillegg til det som alt var. Etter den rumenske revolusjonen i 1989 og innføringa av fri marknad og desentralisering, vart mykje av industrien privatisert. Sjølv om industrien har vorte påverka av økonomiske endringar står han framleis sterkt i byen og utgjer om lag 70 % av det økonomiske utbyttet til Craiova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]