Bakkekløver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bakkekløver


Status i Noreg: VU Sårbar

Bakkekløver
Bakkekløver

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Fabaceae (Ertefamilien)
Slekt: Trifólium L.
Art: T. montánum
Vitskapleg namn
Trifolium montanum

Bakkekløver (Trifolium montanum) er ein plante i ertefamilien som berre har éin naturleg veksestad i Noreg, på Hovedøya sør for Oslo. Han er fylkesblomster i Oslo.

[endre] Utsjånad

Bakkekløveren har grov jordstengel og stive mjukhåra stenglar. Han veks oppreist og vert om lag 25 cm høg. Blada er tettnerva, snaue på oversida og silkehåra på undersida. Planten har eit rundt blomsterhovud med gulkvite blomstrar.

[endre] Utbreiing

Bakkekløveren veks på tørre, kalkhaldige bakkar med god lystilgang.

I Noreg veks bakkekløveren berre naturleg ein stad, på Hovedøya i Oslo. Dei kalkhaldige skiferberga på Hovedøya er ein nordvestleg utpost for denne arten, som elles høyrer heime på steppene i Mellom- og Sør-Europa, Kaukasus og i Iran. Bakkekløver finst òg nokre stader søraust i Sverige. I nyare tid er han innført til Eidanger.

[endre] Kjelder:

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bakkekløver
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk