Baldassare Galuppi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baldassare Galuppi
Baldassare Galuppi Memorial.jpeg
Statue av Galuppi på Burano.
Fødd 18. oktober 1706, Burano i Venezia i Italia
Død 3. januar 1785 (78 år), Venezia
Periode Barokken og wienerklassisismen
Sjanger Concerto, klaververk, opera
Aktive år 1740-1772
Yrke Komponist

Baldassare Galuppi (18. oktober 17063. januar 1785) var ein italiensk komponist frå Venezia kjend for sine operaer og særleg opera buffa.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd på øya Burano i Venezialagunen og på grunn av dette vart han kjend som Il Buranello. Det første forsøket hans på ein opera, La fede nell'incostanza ossia gli amici rivali (1722), var ein stor fiasko og den første framføring vart bua av scenen. Han studerte så musikk med Antonio Lotti og etter ein kort periode i Firenze arbeidde han som cembalist, og vendte attende til Venezia der han gjorde eit nytt forsøk på å skrive ein opera. Denen gongen vart hans opera seria Dorinda (1729) ein suksess og den dramatiske karrieren hans var i gang.

I 1740 vart han tilsett som musikalsk direktør ved Ospedale dei Mendicanti og han arbeidde i Markuskyrkja i Venezia frå 1748, og fekk stillinga som maestro di cappella (rekna som den viktigaste musikalske stillinga i Venezia) der i 1762. Han levde og arbeidde det meste av livet sitt i Venezia, men frå 1741 til 1743 arbeidde han i London og frå 1765 til 1768 arbeidde han for Katarina den store i St. Petersburg.

Den første opera buffaen hans var L'Arcadia in Brenta (1749). Dette var òg det første samarbeidet med librettisten Carlo Goldoni, som han produserte mange operaer i lag med. Desse verka vart særs populær, med Il filosofo di campagna (1754) som ein særleg stor suksess. Librettoen til Goldoni Il mondo della luna, vart først sett til musikk av Galuppi, og seinare nytta av mange andre komponistar, mellom andre Joseph Haydn og Giovanni Paisiello. Andre operaer som følgde var L'amante di tutte (1760) og I tre amanti ridicoli (1761), med libretto av sonen til komponinsten, Antonio Galuppi, som skreiv under namnet «A. Liteo.»

I seinare år skreiv han færre operaer. Av andre verk finst mange stykke for cembalo og fleire oratorium. Då han døydde, i Venezia, var Galuppi ein av dei mest kjende og mest respekterte personane i musikkmiljøet i Venezia. Eit rekviem vart halde til minne om han i Markuskyrkja. Eleven hans Andrea Adolfati, var òg ein suksessrik opera seria-komponist.

Fire kyrkjekoralar som feilaktig har vore tilskriven Galuppi, har det vist seg at Antonio Vivaldi er opphavsmannen til, blant anna Beatus Vir(RV 807) og Nisi Dominus(RV 803).[a 1]

Robert Browning-diktet «A Toccata of Galuppi's» refererer til Galuppi og verka hans, men han skreiv aldri nokon toccata.[1]

Den engelske pianisten Peter Seivewright har spelt inn alle 90 klaversonatar av Galuppi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles Van Den Borren (1. mai 1923). «Research regarding the fictional toccata by Galuppi of Browning's poem». The Musical Times. s. 314–316. 

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]