Bamiyan-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bamiyan
provins
none
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Hovudstad Bamiyan
Areal 14 175 km²
Folketal 425 500 (2012[1])
Bamyan in Afghanistan.svg

Bamiyan-provinsen er ein av 34 provinsar i Afghanistan. Han ligg i det sentrale afghanske høglandet, i Hindu Kush-fjella. Administrasjonssenteret i provinsen heiter også Bamiyan. Provinsen ligg i Hazarajat-regionen, hovudområdet til hazarafolket i Afghanistan. Bamiyan var ein del av silkevegen, og kulturen der er blitt påverka både frå austleg og vestleg hald.[2]

To bønder framfor ruinane av Shahr-i Gholgholah.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som resten av Afghanistan er Bamiyan blitt erobra av mange ulike hærfolk. På 800-talet blei området herja av Yaqub ibn Layth Saffari, grunnleggjaren av det muslimske saffaridedynastiet.[3] I 1221 blei Shahr-i Gholgholah, forløparen til Bamiyan by, lagd i ruinar og dei fleste innbyggjarane drepne av mongolane under Dsjenghis khan. Under den første anglo-afghanske krigen blei det utkjempa slag i Bamiyan i 1840.[4]

Under krigen i Afghanistan frå 2001 har provinsen utmerka seg ved å vera fredelegare enn områda rundt. Internasjonale hjelpeprogram er komne i gang, og mange barn går på skule. Blant dei er rundt 45 % jenter.[5] Provinsen var også den første i Afghanistan med ein kvinneleg guvernør, Habiba Sarabi.[6]

Skulebarn frå Bamiyan.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Provinsen har rundt 418 500 innbyggjarar.[7] Hazarafolk er den største folkegruppa, rundt 90 % av innbyggjarane tilhøyrer dei. Rundt 10 % er tadsjikar,[6] resten er for det meste pastjunar og tatarar.[8]

Størsteparten av hazaraener er sjiamuslimar, medan dei andre folkegruppene hovudsakleg er sunnimuslimar.[6]

Kulturarv[endre | endre wikiteksten]

Bamiyan-dalen er eit viktig kulturlandskap med fleire fornminne frå det første hundreåret til 1200-talet som er skrivne inn på UNESCO si liste over verdsarv. Her finst buddhistisk kunst og arkitektur påverka av gandharaskulen og andre retningar, mellom anna gamle buddhistiske holekloster med det som til no er verdas eldste oljemåleri.[4] Frå muslimske hundreår finst ruinfestningane Shahr-i Ghulghulah og Qallai Kaphari A og B. Sprenginga av to kjempemessige ståande buddhastatuar her i 2001, utført av fundamentalistiske muslimar, vekte avsky over heile verda.[2]

Ein av innsjøane i Band-i-Amir.

Jordbruk og natur[endre | endre wikiteksten]

Bamiyan-provinsen er kjenneteikna av vakker natur. Landbruk er ein viktig næringsveg, og provinsen er særleg kjend for å dyrka poteter.[5] Det blir også dyrka bygg og kveite, i tillegg til at ein held husdyr.[6] Kalde vintrar gjer at bønder i Afghanistan berre får ein haust i året, til forskjell frå varmare område i Afghanistan.[9]

Band-i-Amir er ei gruppe sterkt farga innsjøar vest i provinsen danna av naturlege demningar. Dei har lenge vore turistmål og valfartsstad for sjiamuslimske afghanarar. Innsjøaen blei verna av den første nasjonalparken i Afghanistan, som blei laga i 2009.[10]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bamiyan-provinsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]