Bastien und Bastienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bastien und Bastienne
K. 50
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1768
Typisk lengd 43:46
Satsar 17
Libretto av Friedrich Wilhelm Weiskern, Johann Heinrich Müller og Johann Andreas Schachtne

Bastien und Bastienne (Bastien og Bastienne), K. 50 (revidert i 1964 til K. 46b) er eit syngespel i ein akt, ein komisk opera, av Wolfgang Amadeus Mozart.

Bastien und Bastienne var ein av dei tidlegaste operaene til Mozart, skriven i 1768 då han var berre 12 år gammal. Operaen var visstnok bestilt av lækjaren Franz Mesmer i Wien som ein satire av den hyrdelege sjangeren som då var dominerande, og særskild som ein parodi av operaen Le devin du village av Jean-Jacques Rousseau. Den tyske libretto er av Friedrich Wilhelm Weiskern, Johann Heinrich Müller og Johann Andreas Schachtner, basert på Les Amours de Bastien et Bastienne av Justine Favart og Harny de Guerville. Etter den påståtte premieren i hageteateret til Mesmer, vart han først framført att i 1890. Det er ikkje klart om stykket vart framført i levetida til Mozart. Den første kjende framføringa var den 2. oktober 1890 i Architektenhaus i Berlin.[1]

Overturen til Mozart nyttar den same opninga som Beethoven sin Symfoni nr. 3, Eroica. Det er tvilsamt at Beethoven kjende til det upubliserte stykket. Det er meir truleg at begge to nytta ei ukjend kjelde som inspirasjon.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 2. oktober 1890
Bastienne, ei gjetarinne sopran
Bastien, kjæraste hennar tenor
Colas, ein lur magikar bass

Ariar[endre | endre wikiteksten]

  • "Mein liebster Freund hat mich verlassen" – Bastienne
  • "Ich geh' jetzt auf die Weide" – Bastienne
  • "Befraget mich ein zartes Kind" – Colas
  • "Wenn mein Bastien einst im Scherze" – Bastienne
  • "Würd' ich auch, wie manche Buhlerinnen" – Bastienne
  • "Grossen Dank dir abzustatten" – Bastien
  • "Geh'! du sagst mir eine Fabel" – Bastien
  • "Diggi, daggi, shurry, murry" – Colas
  • "Meiner Liebsten schöne Wangen" – Bastien
  • "Er war mir sonst treu und ergeben" – Bastienne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. History of the opera from opera.stanford.edu

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]