La clemenza di Tito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La clemenza di Tito
K. 621
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1791
Første framføring 6. september 1791
Typisk lengd 127:14
Satsar 28 (2 akter)
Libretto av Caterino Mazzolà

La clemenza di Tito («Titus' nåde», ofte berre kalla Titus), K. 621, er ein opera seria i to akter komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av Caterino Mazzolà, etter Metastasio. Han vart starta etter at mesteparten av Tryllefløyta var skriven, den siste operaen Mozart arbeidde på. Mozart gjorde ferdig Tryllefløyta etter at Titus hadde premiere i Praha den 6. september 1791).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I juli 1791, det siste leveåret til Mozart, var han alt godt i gang med å skrive Tryllefløyta, då han vart beden om å komponere ein opera seria. Bestillinga kom frå impresarioen Domenico Guardasoni, som budde i Praha og som hadde fått i oppdrag om å skaffe eit nytt verk for å feire kroninga av Leopold II av Det tysk-romerske riket som konge av Böhmen. Seremonien fann stad 6. september og Guardasoni hadde fått oppdraget om operaen i juni. Det var derfor ikkje mykje tid.

Guardasoni tok først kontakt med Antonio Salieri, den mest kjende komponisten av italiensk opera i Wien på den tida, men Salieri var for travel. Librettoen, som opphavleg vart skriven av Metastasio 40 år tidlegare, vart korta ned av hoffdiktaren Caterino Mazzolà. Guardason tok så kontakt med Mozart, som han kjende via Don Giovanni, og var overtydd om at den unge komponisten kunne klare å lage ein opera på den korte tida. Mozart nølte ikkje med å ta i mot tilbodet, som var det dobbelte av det han normalt fekk for ein opera i Wien. Den første biografen til Mozart, Niemetschek, hevda at operaen vart gjort ferdig på berre 18 dagar, og i så stor hast at secco-resitativa vart skrivne av ein annan komponist, truleg Süssmayr, som ein trur var elev av Mozart. Andre forskarar meiner derimot at Mozart hadde arbeidd på operaen over lang tid, kanskje sidan 1789. Det er nesten heilt sikkert at noko av musikken til La clemenza di Tito var skriven i april 1791.[1]

Framsyningar[endre | endre wikiteksten]

Premieren fann stad nokre timar etter kroninga til Leopold. Rolla som Sesto vart teken av kastratsopranen Domenico Bedini. Operaen vart første gong framført offentleg den 6. september 1791 i Praha.

Operaen vart verande populær i mange år etter at Mozart døydde.[2] It Han var den første operaen til Mozart som vart sett opp i London, den 27. mars 1806. Med i besetninga var John Braham som lenge hadde sunge i lag med Nancy Storace, som hadde vore den første Susanna i Figaros bryllup i Wien.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning[3]
6 september 1791
(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart)
Tito, Romersk keisar tenor Antonio Baglioni
Vitellia, dotter til den avsette keisar Vitellio sopran Marie Marchetti-Fantozzi
Sesto, ein ung patrisiar, ven av Titus, forelska i Vitellia soprankastrat eller mezzo-sopran Domenico Bedini
Annio, ein ung patrisiar, ven av Sesto, forelska i Servilia mezzo-sopran Carolina Perini
Servilia, syster til Sesto, forelska i Annio sopran Antonina Miklaszewicz
Publio, pretoriansk prefekt, vaktkommandør bass Gaetano Campi

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Operaen er instrumentert for to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, to valthorn, 2 trompetar, pauke og strykarar. Basso continuo i recitativi secchi vert gjort av cembalo og violoncello.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petráněk, P. La clemenza di Tito Národní divadlo opera, Praha, 2006.
  2. Stivender, D. ed. and trans., La clemenza di Tito (libretto), in The Metropolitan Opera Book of Mozart Operas, NY: HarperCollins, 1991, p. 502
  3. «Almanacco 6 september 1791» (på Italian). AmadeusOnline. http://amadeusonline.net/almanacco.php?Start=0&Giorno=6&Mese=09&Anno=1791&Giornata=&Testo=la+clemenza+di+tito&Parola=Stringa. Henta 2. mars 2012. 

Notar[endre | endre wikiteksten]