Il sogno di Scipione

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Il sogno di Scipione
K. 126
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1772
Urframføring1. mai 1772
Typisk lengd107:30
Satsar/akter15
Libretto avPietro Metastasio

Il sogno di Scipione, K. 126 er ein dramatisk serenade i ein akt (azione teatrale) komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Pietro Metastasio, som er basert på boka Somnium Scipionis av Cicero. Mozart hadde opphavleg komponert verket då han var 15 år for vernaren sin, fyrstbiskop Sigismund von Schrattenbach. Då biskopen døydde før det vart framført, valde Mozart å dedisere operaen til etterkomaren til Schrattenbach, grev Colloredo. Han fekk ei privat framføring i erkebispepalasset i Salzburg den 1. mai 1772, sjølv om ikkje heile vart framført. Berre ein arie, den siste koralen og eit resitativ vart framført for fyrstbiskopen. Det er usannsynleg at det vart framført i sin heilskap medan Mozart levde.[1]

Første gongen ein sikkert veit at operaren vart framført i sin heilskap, var i 1979 for Mozartveka i Salzburg.

Rolle Stemme Premierebesetning, 1. mai 1772
Scipione, Scipio Africanus den yngre tenor
Costanza (Constancy) sopran
Fortuna (Fortune) sopran
Publio, Scipio Africanus the Elder,
onkelen til Scipio og adoptivfar
tenor
Emilio (Æmilius), far til Scipio tenor
La Licenza sopran
Kor: Heltar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Piero Melograni, Wolfgang Amadeus Mozart: A Biography, translated by Lydia G. Cochrane, University of Chicago Press, 2006, pp. 56–57

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]