Figaros bryllup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Figaros bryllup
K. 492
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1786
Typisk lengd 150:03
Satsar 29 (4 akter)

Le nozze di Figaro, ossia la folle giornata (Figaros bryllaup eller galskapsdagen), K. 492, er ein opera buffa (komisk opera) komponert i 1786 i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart, med ein italiensk libretto av Lorenzo Da Ponte, basert på ein teaterkomedie av Pierre Beaumarchais frå 1784.

Sjølv om skodespelet til Beaumarchais først vart bannlyst i Wien sidan det var ein satire om aristokratiet og vart rekna som farleg i tiåret før den franske revolusjonen, vart operaen ein av dei mest suksessfulle verka til Mozart. Overturen er særleg kjend og vert ofte spelt som eit konsertstykke. Musikken i overturen vert ikkje nytta seinare i verket, bortsett frå korte frasar i greven sin del av terzettoen Cosa sento! i Akt 1.[1]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Operaen var den første av tre samarbeid mellom Mozart og Da Ponte. Dei to andre operaene dei skreiv i lag var Don Giovanni og Così fan tutte. Det var Mozart som opphavleg valte skodespelet til Beaumarchais og tok det med til Da Ponte, som brukte seks veker på å skrive librettoen, og skreiv det om i poetisk italiensk og fjerna alle politiske referansar i originalen. Særleg erstatta Da Ponte Figaro sin klimatiske tale mot arveadelen med ein sint arie mot utrue koner. I motsetnad til kva populære myter seier, vart librettoen godkjend av keisar Josef II, før noko musikk vart skriven av Mozart.[2]

Det keisarlege italienske operaselskapet betalte Mozart 450 florinar for verket;[3] som var tre gonger den (låge) løna hans for eit år, då han arbeidde som hoffmusikar i Salzburg (Solomon 1995). Da Ponte vart betalt 200 florinar.[3]

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Figaro hadde premiere i Burgtheater i Wien den 1. mai 1786. Mozart sjølv var dirigent på dei to første framsyningane, som han dirigerte frå klaverstolen, som var vanleg på den tida. Seinare framsyningar vart dirigert av Joseph Weigl.[4] Det vart gjort åtte framsyningar i 1786.[5]

Etter den første framsyninga førte applaus frå publikum til fem ekstranummer. Joseph Haydn likte operaen særs godt og skreiv til ein ven at han hadde høyrt operaen i draumane sine.[6]

Operaen vart sett opp i Praha frå desember 1786 og vart ein enorm suksess, og avisa Prager Oberpostamtszeitung kalla verket «eit meisterverk(Deutsch 1965, s. 281), og sa at «ikkje noko stykke har nokon gong skapt slik ein sensasjon».(Deutsch 1965, s. 280) Lokale musikkinteresserte betalte for at Mozart skulle kome til Praha og høyre produksjonen, noko han gjorde 17. januar 1787, og 22. januar dirigerte han framsyninga sjølv.(Deutsch 1965, s. 285). Den store suksessen i Praha gjorde at den neste Mozart/Da Ponte-operaen, Don Giovanni, fekk premiere i Praha i 1787.

Verket vart igjen sett opp i Wien i 1789 og Mozart hadde då erstatta begge ariane til Susanna med nye komposisjonar, som betre høvde til stemma til Adriana Ferrarese del Bene som tok rolla.

Operaen i dag[endre | endre wikiteksten]

Figaros bryllup vert i dag rekna som ein av grunnsteinane i standardrepertoaret i operaen, og er lista som nummer fem på lista til Operabase over dei mest framførte operaene verda over.[7]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 1. mai 1786
(Dirigent: W.A. Mozart)
Grev Almaviva bass Stefano Mandini
Grevinne Rosina Almaviva sopran Luisa Laschi
Susanna, hushjelpa til grevinna sopran Ann Storace
Figaro, personleg kammertenar til greven bass Francesco Benucci
Cherubino, tenaren til greven sopran Dorotea Bussani
Marcellina sopran Marie Mandini
Bartolo, doktoren frå Sevilla, som òg var advokat bass Francesco Bussani
Basilio, musikkmeister tenor Michael Kelly
Don Curzio, dommar tenor Michael Kelly
Barbarina, dotter til Antonio sopran Anna Gottlieb
Antonio, gartnaren til greven, onkelen til Susanna bass Francesco Bussani
Kor av bønder, landsbybuarar og tenarar

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Libretto 1786

Figaros bryllup er instrumentert for to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar; Resitativa er med tangentinstrument, vanlegvis fortepiano eller cembalo, og ofte med ein cello.

Ei typisk framføring varer kring 3 timar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andrew Steptoe: The Mozart–Da Ponte operas: the cultural and musical background to Le nozze di Figaro, Don Giovanni, and Così fan tutte, p. 170. Oxford University Press 1990. ISBN 9780198162216
  2. Nathan Broder. Essay on the Opera in the Schirmer edition
  3. 3,0 3,1 Deutsch 1965, s. 274
  4. Deutsch 1965, s. 272 Deutsch says Mozart played a cembalo; for conflicting testimony, see below.
  5. Desse var 3, 8, 24 mai; 4 juli, 28 august, 22 (kanskje 23) september, 15 november, 18 desember (Deutsch 1965, s. 272)
  6. Geiringer 1982, s. 90–92
  7. «Opera Statistics for the five seasons 2005/06 to 2009/10». Operabase. http://operabase.com/top.cgi?lang=en#opera. Henta 2. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Figaros bryllup
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Figaros bryllup