Benjamin Vogt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benjamin Vogt

Paul Benjamin Vogt (16. mai 18631. januar 1947) var ein norsk advokat, diplomat og Høgre-politikar, fødd i Kristiansand. Nils Vogt var far hans.

Vogt vart student frå Kristiania katedralskole i 1880 og cand. jur. i 1885. Åra 1886-92 var han redaktør av Christiansands Tidende og 1892-97 generalsekretær i Det konservative centralstyre (Høgre). 1898-1900 var han redaksjonssekretær i Morgenbladet, medan han 1901-03 var overrettssakførar i Kristiania.

Vogt var statsråd i Francis Hagerups koalisjonsregjering frå 1903, fyrst som medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm deretter sjef for Handelsdepartementet. Vogt fungerte for Michelsen-regjeringa som ein slags sendemann i Stockholm sommaren 1905, dette for å sondere dei svenske vilkåra for å godta ei unionsoppløysing. Han var ein av dei fire norske delegatane ved forhandlingane i Karlstad i september 1905.

Frå 1906 til -10 var Vogt Noregs sendemann i Stockholm. Sidan 1910 var han i tilsvarande stilling i London. Denne posisjonen hadde han til 1934.

Han døydde i Oslo i 1947.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]