Nils Vogt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nils Vogt

Nils Vogt (15. april 18178. november 1894) var ein norsk embetsmann, amtmann og statsråd i åra 1871-84. Benjamin Vogt var sonen hans.

Vogt var fødd i Christiania, far hans arbeidde i statsadministrasjonen. Tre år gammal vart han foreldrelaus, sidan voks han opp i heimen til farbroren David Vogt. Han vart student frå Fredrikshalds skule i 1835 og cand. jur. i 1839. Same året vart han tilsett i justisdepartementet. Han vart byråsjef i same i 1843 og ekspedisjonssekretær i 1847. Frå 1841 til 1842 var han elles konstituert byfut i Stavanger.

Vogt var frå 1850 amtmann i Søndre Bergenhus amt og i perioden 1860-71 stiftamtmann i Kristiansand samt amtmann i Lister og Mandals amt.

Vogt vart innvald til Stortinget frå Bergen i 1857. Han var medlem av Lagtinget 1857 og -58, formann i justiskomite nr 1. Seinare vart han innvald frå Kristiansand i 1862 og gjenvald i 1865, 1868 og 1871. Han var president i Lagtinget 1862-63, visepresident 1864. 1865-66 var han stortingspresident. Han var 1862-63 formann i justiskomite nr 1, 1864 i militærkomiteen, 1865-66 i justiskomite nr 1 og 1871 i gasje- og pensjonskomiteen. Elles var han medlem av trykkekomiteen 1862-63 og 1865-66, 1868-69 og 1871, valkomiteen 1863-66 og 1868-69 samt 1871, fullmaktskomiteen 1865-66 og 1871, jarnbanekomiteen 1868-69 og 1871.

13. mai 1871 vart Vogt utnemnd til sjef for indredepartementet i Frederik Stangs ministerium. Seinare var han vekselsvis medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm og indreminister fram til 1884. Hausten 1879 leia han også justis- og politidepartementet i seks veker. Til liks med dei fleste medlemene i Selmer-ministeriet vart han frådømt embetet sitt gjennom statsrådssaka i mars 1884. Etter perioden som statsråd vart han utnemnd til amtmann i Buskerud amt, eit embete han hadde fram til 1890.

Vogt vart i 1860 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, og i 1866 forfremja til kommandør. Han var innehavar av storkors av den svenske Nordstjerneordenen og var riddar av første klasse av den austerrikske Jarnkroneordenen.

Han døydde i Kristiania i 1894.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
  • Biografisk informasjon om Nils Vogt Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes politikararkiv
  • Fylkesmannboka, regjeringen.no