Francis Hagerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Francis Hagerup

George Francis Hagerup (22. januar 185313. juli 1921) var ein norsk jurist og politikar for Høgre, og norsk statsminister i to periodar.

Hagerup var fødd i Horten. Han blei dr. juris i 1885 og var jusprofessor ved Universitetet i Oslo fra 1887 til 1906. Han var justisminister i regjeringa Stang frå 2. mai 1893 til 14. oktober 1893. Han blei deretter sjølv leiar for ei samlingsregjering frå 14. oktober 1895 til 17. februar 1898.

I perioden 1900 til 1906 var Francis Hagerup vald til stortingsmann. Han blei igjen statsminister den 22. oktober 1903, men gjekk av den 11. mars 1905 då han var imot det politiske kravet om å løysa opp unionen med Sverige. Han meinte ei unionsoppløysing ville kunne føra til militære trugsmål frå Russland, men støtta likevel kravet om eit eige norsk konsulatvesen.

Etter tida si som statsminister gjekk Hagerup inn i det norske diplomatiet. Han var sterkt engasjert i utviklingen av internasjonal lov. Frå 1897 var han medlem av l'Institut de Droit International, som han blei formann for i 1912. I 1907 leda han den norske delegasjon ved den andre fredskonferansen i Haag. Hagerup var medlem av den norske nobelkomitéen frå 1906 til 1920. Han var òg delegat ved internasjonale havrettskonferansar.

I 1920 var Hagerup leiar for den norske delegasjonen då Folkeforbundet kom saman for første gong i Geneve. Same året blei han vald til ein juridisk komité under Folkeforbundets Råd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]