Benoît Mandelbrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benoît Mandelbrot
Benoit Mandelbrot mg 1804-d.jpg
Mandelbrot i 2007
Fødd 20. november 1924
Warszawa i Polen
Død 14. oktober 2010 (85 år)
Cambridge i Massachusetts i USA
Bustad Frankrike; USA
Statsborgarskap Fransk, amerikansk
Institusjonar Yale University
International Business Machines (IBM)
Pacific Northwest National Laboratory
Doktorgradsstudentar F. Kenton Musgrave
Eugene F. Fama
blant fleire
Utmerkingar Wolfprisen i fysikk (1993)
Japanprisen (2003)

Benoît B. Mandelbrot (20. november 192414. oktober 2010) var ein polskfødd fransk-amerikansk matematikar. Han er mest kjend for det banebrytande arbeide innan fraktalgeometri der han fann den såkalla mandelbrotmengda. Mengda kom fram ved iterasjonar av eit komplekst andregradsuttrykk på ein datamaskin, der resultata av iterasjonane vart uttrykt grafisk. Det var Mandelbrot som gav denne typen matematiske mengder namnet fraktalar. Teorien om fraktalar vart framsett i boka The Fractal Geometry of Nature i 1987, og har sidan vist seg nyttig innanfor mange vitskapar som astrofysikk til økonomi.

Mandelbrot studerte i Paris og Pasadena i California frå 1945 til 1952 og forska ved Institute for Advanded Study i Princeton, mellom andre saman med John von Neumann. Frå 1958 til 1993 var han tilsett ved forskingssenteret til IBM i New York. Frå 1987 underviste han ved Yale University og vart professor der i 1999.

I 1993 vart han tildelt Wolfprisen i fysikk. Mandelbrot var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og frå 1987 medlem av National Academy of Sciences.

Ei grafisk framstilling av ein bit av den uendelege mandelbrotmengda

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]