Bertran de Born

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertran de Born

Fødd 1140, 1140
Périgord
Død

1215 (75 år)
Sainte-Trie

Yrke Trubadur, lyrikar, aristokrat, komponist
Språk Old Occitan
Bertran de Born på Commons
Bertran de Born, utsnitt frå eit manuskript med trubadursongar, no ved Bibliothèque nationale de France.

Bertran de Born (fødd på 1140-talet, død innan 1215) var ein fransk baron frå Limousin, og ein av dei viktigaste oksitanske trubadurane (trobadors) på 1100-talet.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bertran de Born var eldstesonen til Bertran de Born, herre av Autafort (fransk Hautefort) og kona hans Ermengardis. Han hadde to yngre brør, Constantine og Itier. Faren døydde i 1178, og Bertran etterfølgde han som herre av Autafort. På denne tida var han allereie gift med den fyrste kona si, Raimonda, og hadde to søner.

Autafort ligg ved grensa mellom Limousin og Périgord. Som eit resultat av denne plasseringa blei Bertran trekt inn i konfliktane til sønene til Henrik II av England, som var herre over Angevin-riket. Bertran måtte også kjempa for å halda kontrollen over sine eigne eigedommar i Autafort.

Etter dei føydale skikkane i regionen var han ikkje den einaste herren av Autafort, men heldt tittelen saman med brørne sine. Andre tilfelle av co-seigneurie var kjende blant trubadurane, den mest kjende var det til «dei fire trubadurane av Ussel», tre brør og ein fetter, og den til Raimon de Miraval og brørne hans. Ein typisk strategi som blei utøvd av dei store territoriale fyrstedømma, til dømes hertugdømmet Aquitaine eller fyrstedømmet Toulouse, var å minska innverknaden til lokale godsherrar ved å oppmuntra til føydale konfliktar i familiane deira. Bertran sin kamp, særleg mot broren Constantine, ligg forankra i hjartet av poesien hans som elles er dominert av politiske emne.

Det fyrste verket hans ein kan datera er ein sirventes (politisk eller satirisk song) frå 1181, men det er openbert frå denne at han allereie hadde eit omdømme som diktar. I 1182 var han til stades ved hoffet til overherren sin Henrik II i Argentan. Same året hadde han teke del i opprøret til Henrik den unge kongen mot den yngre broren Rikard Løvehjerte, som då var greve av Poitu og hertug av Aquitaine. Bertran skreiv songar som oppmuntra Aimar V av Limoges og andre til å gjera opprør, og gav eid mot Rikard ved Limoges. Broren hans Constantine tok karakteristisk nok den motsette sida i striden, og Bertran fordreiv broren ut av festninga i juli.

Henrik den unge kongen, som Bertran både hadde prisa og kritisert i dikta sine, døydde av dysenteri medan han var på hærtokt i juni 1183. Bertran skreiv då ein planh (sørgjesong) til minnet hans: Mon chan fenisc ab dol et ab maltraire.[1] I Rikard sitt straffetokt mot opprørarane, som var støtta av Alfonso II av Aragón, overvann han og erobra Autafort, og gav det vidare til Constantine de Born. Seinare blei området teke tilbake av Henrik II, som gav det tilbake til Bertran. Det verker som om Constantine levde som leigesoldat etter dette.

Bertran de Born blei forsona med Rikard Løvehjerte, og gav støtte til han i kampen mot Filip II August av Frankrike. Ved ulike tider søkte han å utnytta usemja blant angevinane for å halda på sitt eige sjølvstende. Han gav dei senhals (tilnamn): Henrik den unge kongen var Mariniers («sjømannen»), Geoffrey II, hertug av Bretagne, var Rassa, og Rikard var Oc-e-non («Ja-og-nei»). Bertran minte døden til Geoffrey i ein planh, A totz dic que ja mais non voil. Han hadde kontakt med ei rekkje andre trubadurar og med den nordfranske trouvèren Conon de Béthune, som han omtalte som «Mon Ysombart».

Sjølv om han skreiv nokre få cansos (kjærleikssongar), var Bertran de Born i hovudsakleg ein meister av sirventes. Be.m platz lo gais temps de pascor, som held leven med krigføring, blei omsett til engelsk av Ezra Pound.[2]

Då Rikard var blitt konge etter at far Henrik II var død, og Filip II August stadig utsette utferda til det tredje krosstoget, klandra Bertran kongane i songar som prisa Konrad av Montferrat sitt heroiske forsvar av byen Tyr i Midtausten: Folheta, vos mi prejatz que eu chan og Ara sai eu de pretz quals l'a plus gran. Då Rikard blei lauslaten frå fangenskapet sitt i Tyskland etter å ha blitt mistenkt for å ha myrda Konrad ønskte Bertran han tilbake med Ar ven la coindeta sazos. Ved eit tilfelle kom ei av inntektskjeldene til Bertran frå marknaden i Châlus-Cabrol, der Rikard rett ved festninga Château de Chalus-Chabrol i 1199 blei råka av ei pil frå ein armbrøst som sidan drap han.

Etter å ha blitt enkjemann for andre gong kring 1196 blei Bertran munk og medlem av cisterciensarklosteret Dalon ved Sainte-Trie i Dordogne. Han gav store bidrag til klosteret gjennom fleire år. Den siste songen hans som er blitt datert er frå 1198. Namnet hans er ikkje funne i oppteikningar etter 1202, og han var heilt sikkert død ved 1215, ettersom det finst eit notat for ei betaling for lys på grava hans.

Betran sitt œuvre (verk) består av rundt 47 arbeid, 36 som er einstemmig tilskrive han i manuskript, og 11 som er av usikker tilskriving. Fleire melodiar er bevarte, og nokre av songaren hans er i moderne tid blitt spelt inn av mellom anna Sequentia, Gérard Zuchetto og hans Troubadours Art Ensemble.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Bertran de Born gifta seg to gonger. Med den fyrste kona Raimonda fekk han to søner (begge slått til riddarar i 1192) og ei dotter:

  • Bertran, også trubadur, framleis i live i 1223
  • Itier, død i 1237
  • Aimelina, gift med Seguin de Lastours.

Med den andre kona si Philippa fekk han to søner til:

  • Constantine, som blei munk ved Dalon saman med far sin.
  • Bertran den yngre, som framleis levde i 1252.

Litterært ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av Doré av Bertran i helvete, frå Dante sitt Inferno

I følgje det seinare vidaet hans (ein romantisert kortbiografi knytt til songane hans) trudde Henrik II at Bertran var den som hadde oppmuntra til det opprøret som sonen Henrik den unge kongen stod for. Som eit resultat av dette skildra den store italienske diktaren Dante Alighieri han i Den guddommelege komedie som den som sådde av splid blant menn, og straffa Bertran strengt i den åttande sirkelen i Helvete (Canto XXVIII). Her bar han rundt på det fråskilde hovudet sitt som ei lanterne. Gustave Doré avbilda dette i illustrasjonane sine for Den guddommelege komedie.

Dante si skildring påverka biletet av Bertran i seinare litterære verk. I det episke diktet sitt Cœur de Lion (1822) skildra Eleanor Anne Porden han som den som oppmuntra til splitting i det tredje krosstoget, og blei ein eremitt i aust av anger for deltakinga si til at Rikard Løvehjerte blei halden fengsla i Tyskland. Han opptrer også som ein mindre figur i Maurice Hewlett sin roman The Life and Death of Richard Yea-and-Nay (1900), og er skildra på lite smigrande vis. Han er omtalt som «ein mann av heitt blod, opphissa og rasande» med «ei motvillig ånd». Ein annan figur avfeiar han som følgjande: «Ein stor poet var han, ein stor tjuv og ein tåpeleg tulling.»

Minnet hans blei behandla betre av Ezra Pound, som omsette ein del av songane hans, og baserte fleire av sine eigne dikt rundt Bertran og verka hans, særleg Na Audiart (1908), Sestina: Altaforte (1909) og Near Périgord (1915). Det er også hentydninger til Bertran i ein del av Pound sitt verk Cantos. Via påverknaden av Pound sitt Na Audiart blir Bertran også nemnt i Sorley MacLean sitt skotsk-gæliske dikt A' Bhuaile Ghreine (Den solfylte kvia).

Han var eit hovudemne i eit skodespel av Jean Valmy-Baisse frå 1936, Bertran de Born, som Darius Milhaud skreiv medfølgjande musikk til. Han omarbeidde seinare musikken til komposisjonen sin Suite provencale.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. En annen sørgesang for Henrik den unge konge, Si tuit li dol e.l plor e.l marrimen, var tidligere tilskrevet Bertran de Born, men er nå antatt å tilhøre arbeidene til Rigaut de Berbezill.
  2. I Robert Kehew (red.): The Lark in the Morning, ss. 144-145
  3. Naxos: Milhaud: La Creation du monde / Le Boeuf sur le toit / Suite provencale

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bertran de Born
Verk
  • Gouiran, Gérard (red. og overs.): L’Amour et la Guerre: L’Oeuvre de Bertran de Born, 2 bind (Aix en Provence & Marseille, 1985)
  • Padden, jr., William D.; Sankovitch, Tilde & Stäblein, Patricia H. (red. og overs.): The Poems of the Troubadour Bertran de Born (Berkeley, Los Angeles & London, 1986)
  • Works, omsett av James H. Donalson Arkivert 28. september 2007 på Wayback Machine.