Darius Milhaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Darius Milhaud

Darius Milhaud (fødd 4. september 1892 i Aix-en-Provence, død 22. juni 1974 i Genève) var ein fransk komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Milhaud kom frå ei gammal slekt av jødisk-provensalsk opphav. I følgje han sjølv var både den geografiske og den religiøse bakgrunnen noko som hadde monaleg innverknad på han gjennom heile livet.

Frå 1909 studerte han fiolin i Paris, men tre år seinare var det komposisjon som opptok han mest. Han blei undervist av André Gedalge, Charles-Marie Widor, og Vincent d'Indy. I Gédalges kurs blei han òg kjend med bl.a. Arthur Honegger og Jacques Ibert. På denne tida oppstod først og fremst lieder etter dikt av samtidige franske diktarar, og hans første opera (La brebis égarée, 1910-1915).

Etter å ha tilbringa 2 år i Sør-Amerika, der han blei kjend med brasiliansk folkemusikk og populærmusikk, kom han i 1918 tilbake til Frankrike, der han høyrde til krinsen rundt Jean Cocteau og Erik Satie. Der vart han med i den kjende komponistgruppa les Six. Komposisjonane gav Milhaud suksess, men av og til òg skandalar.

I 1925 gifte han seg med kusina si Madeleine.

Etter utbrotet av andre verdskrig emigrerte Milhaud med kona si til USA, og blei lærar ved Mills College i Oakland, der han verka til 1971. Etter krigen hadde han òg ein komposisjonsklasse ved konservatoriet i Paris (til 1972). Han underviste i denne tida høvevis eitt år på kvart kontinent. Han hadde studentar som jassmusikaren Dave Brubeck, minimalisten Steve Reich, symfonikaren Allan Pettersson og avantgardistane Karlheinz Stockhausen, Larry Austin og Iannis Xenakis.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Milhaud var ein svært produktiv komponist (hans verkliste inneheld meir enn 400 opus), som verka innan alle framståande musikkformer (opera, symfonisk musikk, instrumentalkonsertar, kammer- og vokalmusikk, lieder).

Han var under sterk påverknad frå musikk frå middelhavsnære område, særleg den italienske. Kompositorisk brukte han teknikkar som bi-polytonalitet, polyrytmikk og inspirasjon frå jass, han avstod frå strenge og formelle teknikkar frå klassisk satslære, og ein av styrkane hans var ein særeigen melodikk. Eit av dei mest kjende stykka hans er Scaramouche for 2 klaver, som han òg arrangerte for mange andre besetningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.