Billy Corgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Corgan
Billy Corgan.jpg
Corgan speler i Köln i Tyskland i 2005
Verkeleg namn William Patrick Corgan, Jr.
Fødd 17. mars 1967
Elk Grove Village i Illinois i USA
Instrument Vokal, gitar, klaverinstrument, bass, munnspel, ukulele
Sjanger Alternativ rock
Aktive år 1985 til i dag
Yrke Musikar, songar, låtskrivar, plateprodusent, forfattar
Tilknytte artistar Smashing Pumpkins, Zwan, Spirits in the Sky, The Jimmy Chamberlin Complex, Starchildren, The Marked, Hole, Courtney Love, New Order
Plateselskap Caroline, Virgin, Reprise, Warner Bros.
Nettstad www.myspace.com/billycorganmusic
Kjende instrument
Fender Stratocaster
Gibson ES335

William Patrick «Billy» Corgan, Jr. (fødd 17. mars 1967) er ein amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og stundom diktar som er mest kjend som frontmann og permanent medlem av The Smashing Pumpkins. Bandet vart danna av Corgan og gitarist James Iha i Chicago i 1987 og vart kjende i lag med bassist D'arcy Wretzky og trommeslagar Jimmy Chamberlin. I løpet av tre år vart The Smashing Pumpkins eit populært band. Med sterke albumsal og storskala turnear vart bandet stadig meir kjend utover i 1990-åra, medan dopproblema til Chamberlin etter kvart vart så store at han fekk sparken. The Pumpkins heldt fram som ein trio fram til Chamberlin kom attende til bandet i 1999, før dei vart oppløyste i 2000. Corgan starta like etter eit nytt band med Chamberlin kalla Zwan, og etter dei vart oppløyste gav han ut eit soloalbum og ei diktsamling før han gjenforeinte Smashing Pumpkins.

Den nye versjonen av bandet bestod av Corgan, Chamberlin, og forskjellige musikarar. Dei gav ut eit album i 2007 og følgde opp med ein langvarig turne. Chamberlin forlet the Smashing Pumpkins i mars 2009, medan Corgan har halde fram bandet med ny besetning og spelt inn albumet Teargarden by Kaleidyscope.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Den 24. mai 2007 i den Atelier i Luxembourg by.

Album[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Gjestearbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Billy Corgan

Mal:Smashing Pumpkins