Tony Iommi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tony Iommi
Tony Iommi HAH Katowice Spodek 2007.jpg
Verkeleg namn Anthony Frank Iommi
Fødd 19. februar 1948 (66 år), Birmingham i Storbritannia
Instrument Gitar, fløyte
Sjanger Heavy metal, doom-metal, bluesrock, hardrock
Aktive år 1964 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Mythology, Velvett Fogg, Black Sabbath, Jethro Tull, Glenn Hughes, Heaven & Hell
Plateselskap Warner Bros., I.R.S., Rhino
Nettstad www.iommi.com
Kjende instrument
Tony Iommi Signature SG

Anthony Frank «Tony» Iommi[1][2] (fødd 19. februar 1948) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend for å ha vore med i det banebrytande heavy metal-bandet Black Sabbath frå starten av, og den einaste som har vore med i bandet heile tida.

I januar 2012 vart det kjend at Iommi hadde lymfom.[3]

Tony Iommi spelar venstrehendt gitar, og mista tidleg i karrieren sin fingertuppane på høgre hand. Men i staden for å leggje bort gitaren fann han på ein måte å lage «kunstige» fingrar. Denne inspirasjonen kom frå jazzgitaristen Django Reinhardt, som trass i handicapet med to forbrende fingrar på «gripe-handa» hadde revolusjonert gitarspelet og opparbeidd seg ein unik teknikk. Med sine mørke og blytunge gitarriff blir Iommi av mange rekna som far til metal-sjangeren. Før han vart medlem i Black Sabbath, var Iommi medlem av ei rekkje lokale bluesrock-band i Birmingham-område og prøvespelte ein gong for Jethro Tull, men dei valte Martin Barre i staden.

Tony Iommi har òg spelt inn fleire soloalbum. Han har òg vore med i Rock Aid Armenia og laga The Earthquake Album. Då Queen-vokalist Freddie Mercury døydde, vart han invitert til å spele i Freddie Mercury Tribute, der både Metallica, Extreme, Elton John og Guns N Roses deltok.

Han er frå 2006, som medlem av Black Sabbath, innvotert i Rock and Roll Hall of Fame. Han vart i 2011 ranka som nummer 86 på «Rolling Stone si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene».[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

med Black Sabbath[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Black Sabbath#Diskografi.

med Heaven & Hell[endre | endre wikiteksten]

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tony Iommi