Billy Wilder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Wilder
Fødd 22. juni 1906, Sucha i Galicia i Austerrike-Ungarn (no Sucha Beskidzka i Polen)
Død 27. mars 2002 (95 år), Beverly Hills, California, USA
Aktive år 1929-1995
Yrke Filmregissør, filmprodusent og manusforfattar
Ektefelle Judith Coppicus (1936-1946)
Audrey Young (1949-2002)

Billy Wilder (eigentleg Samuel Wilder) (22. juni 190627. mars 2002) var ein austerriksk-amerikansk filmregissør, manusforfattar og filmprodusent. Han har hatt stildannande tyding for filmkomedie og -drama. Komediar som Noen har det hett, Irma la Douce og drama som Sunset Boulevard og Witness for the Prosecution har ei tyding langt over si eiga tid.

Oppvekst og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Samuel Wilder kom frå eit jødisk foreldrehus. Han voks først opp i Sucha, men under første verdskrigen flytta familien til Wien. Han hadde allereie på denne tida kallenamnet Billie, i USA forandra til Billy. Etter skulen vart han journalist, først i Wien, og frå 1926 i Berlin. For å forbetre ei sped journalistløn byrja han å bli medforfattar på filmmanus. Slik vart han med på filmklassikaren Menschen am Sonntag (saman med sin nære ungdomsven Fred Zinnemann). Filmen er kanskje den sentrale filmen for den tyske kunstretningen Neue Sachlichkeit. Seinare skreiv han filmmanuset for ungdomsromanen Emil und die Detektive saman med forfattaren av boka Erich Kästner.

Hollywood etter 1934[endre | endre wikiteksten]

Etter at nasjonalsosialistane hadde teke makta 1933 flykta Wilder til Paris. Òg her fortsette han å bidra til filmmanus og regisserte den første filmen sin i 1934. Seinare same år fekk han eit visum til USA og gjekk til Hollywood. Han vart medlem av den store gruppa av emigrantar frå Tyskland som òg Fritz Lang, Marlene Dietrich, Peter Lorre og Fred Zinnemann høyrde til. Frå 1936 av skreiv han filmmanus vanlegvis saman med Charles Brackett, blant anna for Ninotchka med Greta Garbo (regi Ernst Lubitsch).

Wilders første film som regissør i Hollywood vart suksessen The Major and the Minor (1942). Etter det klarte han å lande suksess etter suksess ikkje berre for komediane hans, men òg i film noir-sjangeren som med Double Indemnity. I 1946 fekk han ein dobbel-Oscar for regi og manus for Forspilte dager.

I 1946/47 vart han sendt til Tyskland som offiser for film og propaganda og laga filmen A Foreign Affair i Berlin som har eit kritisk blikk på nasjonalsosialistar i etterkrigs-Tyskland.

Etter 1950 var Wilder som regel òg involvert i produksjonane av filmane hans. Han laga klassikarar som Sunset Boulevard (1950) med Gloria Swanson som realitetsflyktande eks-diva; Gresskar i nød (The Seven Year Itch) (1955) og Noen har det hett (1959), begge med Marilyn Monroe; Witness for the Prosecution , igjen med Marlene Dietrich; og Ungkarsleiligheten (1960) (som han fekk triple Oscar for) og Irma la Douce (1963), begge med Shirley MacLaine.

Billy Wilders Altar Ego på lerret vart særleg Jack Lemmon og William Halden. Medan Halden var med i meir dramatiske filmar som Sunset Boulevard, Stalag 17 eller Fedora, var Lemmon å sjå i komediar som Noen har det hett, Irma la Douce, The Fortune Cookie og The Front Page.

Gravsteinen til Wilder

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1970-talet hadde ikkje Wilder same suksess som tidlegare, han jobba vidare som konsulent for United Artists. Wilder, som hadde mista familien sin i Holocaust hadde fått tilbodet å regissere Schindlers liste, men ville ikkje på grunn av alderen.

Wilder var gift to gonger og hadde ei dotter (fødd 1939). Han døydde i 2002, 96 år gammal. Han er gravlagt på Westwood Village Memorial Park Cemetery i Westwood i Los Angeles nær grava til Jack Lemmon, òg Marylin Monroe er gravlagt på same kyrkjegard.

Registil[endre | endre wikiteksten]

Trass i at han har laga flest komediar har han ofte hatt ein alvorleg undertone eller gjort autoritet latterleg som i Ninotchka og Eins, Zwei, Drei. Han braut fleire tabu i Hollywood sin puritanske production code. Allereie den første filmen hans i Hollywood The Major and the Minor er innom temaet om kjærleik mellom mindreårige og vaksne. Utruskap var enno bannlyst i Hollywoodfilmar når han laget Double Indemnity. Òg det å la menn spele i kvinneklede med indikasjonar om homoseksualitet som i Noen har det hett var imot «koden».

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Han vann to Oscar med filmen Forspilte dager (The Lost Weekend) (1945) for beste regi og beste filmatisering (saman med Charles Brackett). For filmen Sunset Boulevard (1950) delte han prisen for beste originalmanus med Charles Brackett og D.M Marshman, Jr. I 1960 vann han tre beste film, for beste regi og for beste originalmanus for filmen Ungkarsleiligheten, (The Apartment). Han vart nominert for Oscar for beste regien åtte gonger og for beste manusa tolv gonger.

Wilder fekk ein American Film Institutes Life Achievement Award i 1986. For både Forspillte Dager og Sunset Boulevard fekk han ein Golden Globe. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Regissør[endre | endre wikiteksten]

Sunset Boulevard, Gloria Swanson som Norma Desmond
Marylin Monroe i Noen har det hett
Jack Lemmon, Shirley MacLaine i The Apartment
År Film Engasjement
1934 Mauvaise Graine Regi/Manus/Produsent
1942 The Major and the Minor Regi/Manus
1943 Five Graves to Cairo Regi/Manus
1944 Double Indemnity Regi/Manus
1945 Forspilte dager (The Lost Weekend) Regi/Manus
1945 Death Mills Regi
1948 The Emperor Waltz Regi/Manus
1948 A Foreign Affair Regi/Manus
1950 Sunset Boulevard Regi/Manus
1951 Ace in the Hole Regi/Manus/Produsent
1953 Stalag 17 Regi/Manus/Produsent
1954 Sabrina Regi/Manus/Produsent
1955 Gresskar i nød (The Seven Year Itch) Regi/Manus/Produsent
1957 The Spirit of St. Louis Regi/Manus
1957 Love in the Afternoon Regi/Manus/Produsent
1957 Witness for the Prosecution Regi/Manus
1959 Noen har det hett (Some Like It Hot) Regi/Manus/Produsent
1960 The Apartment Regi/Manus/Produsent
1961 One, Two, Three, (Eins Zwei, Drei) Regi/Manus/Produsent
1963 Irma la Douce Regi/Manus/Produsent
1964 Kiss Me, Stupid Regi/Manus/Produsent
1966 The Fortune Cookie Regi/Manus/Produsent
1970 The Private Life of Sherlock Holmes Regi/Manus/Produsent
1972 Avanti! Regi/Manus/Produsent
1974 Stopp pressen! (The Front Page) Regi/Manus
1978 Fedora Regi/Manus/Produsent
1981 Buddy Buddy Regi/Manus

Berre manusforfattar[endre | endre wikiteksten]

År Film Engasjement
1929 Der Teufelsreporter Manus
1930 Menschen am Sonntag Manus
1930 Ein Burschenlied aus Heidelberg Manus
1931 Der Mann, der seinen Mörder sucht Manus
1931 Ihre Hoheit befiehlt Manus
1931 Der falsche Ehemann Manus
1931 Princesse, à vos ordres! Manus
1931 Emil und die Detektive Manus
1932 Un peu d'amour Manus
1932 Happily Ever After Manus
1932 Der Sieger Manus
1932 Es war einmal ein Walzer Manus
1932 Ein blonder Traum Manus
1932 Scampolo, ein Kind der Strasse Manus
1932 Das Blaue von Himmel Manus
1933 Was Frauen träumen Manus
1933 Madame wünscht keine Kinder Manus
1933 Adorable WManus
1934 One Exciting Adventure Manus
1934 Music in the Air Manus
1935 Under Pressure Manus
1935 The Lottery Lover Manus
1937 Champagne Waltz Manus
1938 Bluebeard's Eighth Wife Manus
1938 That Certain Age Manus
1939 Midnight Manus
1939 What a Life Manus
1939 Ninotchka Manus
1940 Rhythm on the River Manus
1940 Arise, My Love Manus
1941 Hold Back the Dawn Manus
1941 Ball of Fire Manus
1947 The Bishop's Wife Manus (ukreditert)
1948 A Song Is Born Manus
1960 Ocean's Eleven Manus (ukreditert)
1967 Casino Royale Manus (ukreditert)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Billy Wilder