Bjørn Alexander Brem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Alexander Brem

Fødd23. november 1974
FødestadOslo
FødenamnBjørn Alexander Brem
AliasGothminister
OpphavNoreg
Aktiv1989–i dag
SjangerGothic metal og industriell metal
InstrumentVokal
Tilknytte artistarGothminister
Verka somAdvokat og songar

Bjørn Alexander Brem (fødd 23. november 1974), òg kjend som Gothminister, er ein norsk musikar innan sjangrane gothic metal og industriell metal.

Brem voks opp i Oslo, og var interessert i teikneseriar og teikna aktivt heilt frå åtteårsaldaren. Han var inspirert av skrekkfilmar og superheltar der Batman var favoritten. I tenåra gjekk det mest i metall, men òg noko industriell og elektronisk musikk. Han var med i fleire musikkgrupper der dei mest kjende var Conceptor og Disco Judas, ei gruppe som i dag er historie.

Den mest kjende gruppa hans, Gothminister, vart starta i 1999. Gothminister var til grunna Brem si interesse for goth og Gotham Nights, og namnet kjem av at Goth-miljøet trong ein sjef: Minister of Goth. På slutten av Disco Judas-epoken, fekk han ein halsinfeksjon. Han kunne ikkje arbeide eller studere den tida, og frykta at han ikkje ville syngje bra att. I laupet av den tida laga han framleis musikk og Gothminister fekk sin identitet.

Brem er utdanna advokat og driv familiefirmaet Advokatfirma Brem MNA i Oslo. Spesialfeltet hans er artistkontraktar, opphavsrett, varemerke og prosedyre.[1]

Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

Gothminister vart vald ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i Melodi Grand Prix 2013. Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart vald ut til å delta i den tredje semifinalen 2. februar 2013 i Larvik. 30. januar 2013 vart songen «Utopia» offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte. Brem skreiv både tekst og melodi til songen.

Semifinale 3[endre | endre wikiteksten]

Bidraget vil starte som nummer éin, før Adelén med «Bombo».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]