Margaret Berger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Margaret Berger opptrer i Trondheim i 2006.
Foto: Andreas Åkre Solberg.

Margaret Berger (fødd 11. oktober 1985 i Trondheim) er ei norsk songarinne frå Hitra. Ho representerer Noreg i Eurovision Song Contest 2013 med elektronikalåta «I Feed You My Love».

I 2004 vart Margaret Berger kjend då ho kom på andreplass i andre sesong av Idol. Vinnaren det året vart Kjartan Salvesen, men Berger gav same året ut si fyrste plate, Chameleon. Songen «Lifetime Guarantee» frå albumet vann i Spellemannprisen 2004 i klassa for beste musikkvideo. Oppfylgjaralbumet hennar kom ut i 2006 med tittelen Pretty Scary, Silver Fairy.

Bidraget hennar til Melodi Grand Prix 2013 vart skrive av svenske Karin Park og duoen MachoPsycho (Noreg/Sverige). [1] Under finalen vann ho ein klår siger med 102 032 røyster. Til samanlikning fekk andreplassen, «Bombo» av Adelén, 59 414 røyster. [2]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]