Ben Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ben Adams på scena under MGP 2010

Benjamin Stevens Adams, kjent som Ben Adams (fødd 22. november 1981) er ein britisk musikar. Han er kjent frå det britisk-norske boybandet A1 saman med Christian Ingebrigtsen og Marker Read.

Innhaldsliste

Personleg bakgrunn [endre]

Benjamin Anthony Edward Stephens var fødd i Bracknell i Berkshire i Storbritannia, som son av Anita (født Olpherts-Forrester) og Anthony W. Stephens. Foreldra hans vart seinare skilde, og då Ben var 8 år, i januar 1990, gifta mora hans seg med forretningsmannen Jeremy Adams. Sonen tok deretter namnet Benjamin Stephens Adams.

Ben voks opp i Middlesex. Han høyrde på artistar som Madness, James Taylor, Michael Jackson og Tracy Chapman, men fann etterkvart ut at ved å syngja solo på skuleførestillingar og spela piano, obo og fiolin i musikkundervisninga, og deretter kombinera alt dette med ein ny lidenskap for musikarar som Prince, Queen og Stevie Wonder, kunne han sleppa inn i verda av musikk.

Han er kjærast med norske Sara Skjoldnes som blei Frøken Norge i 2009.[1]

Karriere [endre]

A1 1998-2002 [endre]

I 1997 vart Ben med i bandet A1 og mellom 1999 og 2002 gav dei ut tre album. Ei rekkje songar vart nummer éin og Topp 10-hits over heile verda. Bortsett frå to av dei hadde alle hittane Ben Adams som forfattar eller medforfattar. «Caught In The Middle» vart ein av A1 sin mest selde singlar.

Etter A1 [endre]

Då A1 kom til ein naturleg slutt, vart Ben bombardert med mange arbeidstilbod. Ben sa likevel nei til alle. Han spelte inn eit album, It's Brutal Out There.

I tillegg til å skriva for seg sjølv, oppretta Ben Parkbench Studios og vende merksemda si mot å skriva og produsera for og med andre artistar både i Storbritannia og USA.

A1 2009 - i dag [endre]

A1 blei samla att i august 2009 og er for tida signert til Universal Music Noreg på ein verdsomspennande avtale. Det siste albumet deira, "Waiting for Daylight", kom ut i 2010.

Big Brother [endre]

I 2009 kom Adams på 5. plass i den britiske versjonen av Big Brother.

Melodi Grand Prix 2010 [endre]

6. februar 2010 stod Ben Adams og resten av A1 på scena i Oslo Spektrum under den norske finalen av Melodi Grand Prix 2010 med låten «Don't Wanna Lose You Again». Dei enda opp som nummer 2 i den norske finalen.

Skal vi danse [endre]

Hausten 2012 skal han delta i Skal vi danseTV 2.[2]

Diskografi [endre]

A1
EP

Bakgrunnsstoff [endre]