Bolsjevikøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolsjevikøya i Russland.
Plasseringa til Severnaja Zemlja.

Bolsjevikøya (russisk остров Большевик) er den sørlegaste øya i Severnaja Zemlja i Russland. Med eit areal på 11 312 km² er ho den nest største øya i gruppa.

Øya er fjellkledd og har ei høgd på 935 meter over havet på det høgaste. Polarbasen Prima ligg på denne øya. Om lag 30 % av øya er dekt av isbrear, medan kystslettene har spreidd vegetasjon med mose og lav. På nordvestkysten er det nokre fjordar, mellom anna Telmanafjorden, Spartakfjorden og Partizanfjorden.

Bolsjevikøya har minst tre isbresystem kalla Leningrad, Semenov-Tian Sjanskij og den mindre Kropotkin.[1]

Ostrov Tasj er ei lita øy sør for Bolsjevikøya. Lavrovøya ligg nordaust for øya og Ostrov Lisjnij ligg nord for Bolsjevikøya.

Det har vore føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Olga (St. Olga).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Severnaja Zemlja - oceandots.com
  2. Krasnojarsk kraj