Severnaja Zemlja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severnaja Zemlja i Russland
Plasseringa til Severnaja Zemlja.

Severnaja Zemlja (russisk Северная Земля, tyder «Nordlandet») er ei øygruppe i Arktis og Russland ved 79°30′N 97°19′EKoordinatar: 79°30′N 97°19′E. Ho ligg nord for Tajmyrhalvøya i Sibir på andre sida av Vilkitskijsundet. Øygruppa ligg mellom to randhav i Nordishavet, Karahavet i vest og Laptevhavet i aust.

Severnaja Zemlja vart først oppdaga i 1913 og først kartlagd i 1933. Ho er dermed den siste øygruppa som vart oppdaga på Jorda. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj, men bortsett frå ein polarbase er ho ikkje busett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Severnaja Zemlja frå NASA

Sjølv om øya ikkje ligg så langt nord for kysten av Russland, vart ho først formelt oppdaga på 1900-talet. Tidlegare utforskarar rapporterte om eit land i dette området, mellom anna Matvej Hedenstrom og Jakov Sannikov i 1810 då dei utforska Novaja Sibir.[1]

Øygruppa er omgjeve av havis det meste av året og vart ikkje sett på kartet før den arktiske hydrografiske ekspedisjonen til isbrytarane «Tajmyr» og «Vajgatsj» i 1913-1915. Ekspedisjonen var leia av Boris Vilkitsij og målet var å utforske ukartlagde område av Nordaustpassasjen.

22. august 1913 heva ekspedisjonen det russiske flagget på det dei trudde var ei enkelt øy. Det nye landet fekk namnet Keisar Nikolaj II Land (russisk Zemlja Imperatora Nikolaja II) etter tsar Nikolaj II av Russland.[2][3] I 1926 endra derimot Sovjetunionen namnet til Severnaja Zemlja.[4] Det var først i 1931 at luftskipet «Graf Zeppelin» oppdaga at det var minst to øyar.

Seinare studiar av ekspedisjonen til Nikolaj Urvantsev og Georgij Usjakov (1931–1933) synte at Severnaja Zemlja faktisk bestod av enno fleire øyar og dei lagde dei første detaljerte karta over området.[3]

Severnaja Zemlja vart vidare utforska av geologar frå NIIGA (forskingsinstituttet for arktisk geologi) i St. Petersburg under B. Kh. Egiazarov frå 1948 til 1954, som lagde eit omfattande geologisk kart.[5]

Det har vore framsett eit krav frå den lovgjevande forsamlinga i Krasnojarsk kraj om å gjeninnføre det opphavlege namnet «Keisar Nikolaj II Land», men dette har så langt vorte avslått. [6]

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Severnaja Zemlja består av fire store øyar - Oktoberrevolusjonøya, Bolsjevikøya, Komsomoletsøya og Pionerøya, i tillegg til rundt 70 mindre øyar. Dei utgjer eit totalt areal på 37 000 km². [7]

Oktoberrevolusjonøya[endre | endre wikiteksten]

79°30′N 97°30′E

Oktoberrevolusjonøya i Russland.

Oktoberrevolusjonøya (russisk Остров Октябрьской Революции, Ostrov Oktjabrskoj Revoljutsij) er den største øya i Severnaja Zelmja. Arealet er estimert til 14 170 km², noko som gjer ho til den 56. største øya i verda.[8] Det høgaste punktet på øya er 965 meter over havet ved Karpinskijfjellet. Halve øya er dekt av isbrear som rekk ned til sjøen. I dei isfrie områda består øya av ørken eller tundra. Øya vart først utforska og namngjeve av ekspedisjonen til G.A. Usjakov og Nikolayj N. Urvantsev i 1930 - 1932.[9]

Oktoberrevolusjonøya har fem store isbrear som heiter Rusanov, Karpinskij, University, Vavilov og Albanov.[10] Vêrstasjonen Vavilov var i drift frå 1974 til 1988 nord på Vavilovbreen.[11] Andre mindre isbrear på øya er mellom anna Maljutkabreen. Elvane Podemnaja og Bolsjaja renn nordvestover mellom Vavilov- og Albanovbreen, medan elvane Bedovaja og Obryvistaja renn nordover mellom Albanov og Rusanov.[12]

Ostrov Vjsokij er ei lita øy som ligg i ei bukt sørvest på Oktoberrevolusjonøya.

Det har vore føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Aleksandra (St. Aleksander).

Bolsjevikøya[endre | endre wikiteksten]

Bolsjevikøya.

Bolsjevikøya (russisk остров Большевик; Ostrov Bolsjevik) er den sørlegaste av dei større øyane og den nest største øya i gruppa. Ho ligg på andre sida av Sjokalskijsundet for Oktoberrevolusjonøya. Ho har eit areal på 11 312 km².

Bolsjevikøya er fjellkledd og har ei høgd på 935 meter over havet på det høgaste. Her ligg polarbasen Prima. Om lag 30 % av øya er dekt av isbrear, medan kystslettene har spreidd vegetasjon med mose og lav. På nordvestkysten er det nokre fjordar, mellom anna Telmanafjorden, Spartakfjorden og Partizanfjorden.

Bolsjevikøya har minst tre isbresystem kalla Leningrad, Semenov-Tian Sjanskij og den mindre Kropotkin.[10]

Ostrov Tasj er ei lita øy sør for Bolsjevikøya. Lavrovøya ligg nordaust for øya og Ostrov Lisjnij ligg nord for Bolsjevikøya.

Det har vore føreslått å endre namne tpå øya til Svjataja Olga (St. Olga).

Komsomoletsøya[endre | endre wikiteksten]

Komsomoletsøya.

Komsomoletsøya (russisk остров Комсомолец; Ostrov Komsomolets) er den nordlegaste av øyane i Severnaja Zelmja og den tredje største av øyane. Ho er den 82. største øya på jorda.

Det nordlegaste punktet på øya heiter Kapp Arktis og er utgangspunkt for mange polekspedisjonar.

Arealet er estimert til 9 006 km². Det høgaste punktet på øya er 780 meter over havet. Om lag 65 % av øya er dekt av isbrear, medan resten hovudsakleg består av laus leirjord og sand. Den største isbreen i Russland ligg på Komsomoletsøya, Vitskapsakademibreen[13], som ligg 819 meter over havet på det høgaste og dekkjer 5 575 km² av øya.[10]

Jordsmonnet på øya består stort sett av laus leirjord og sand og ho er ein tundraørken med spreidd mose og lav.[10]

Øya vart først utforska og namngjeven av ekspedisjonen til Georgij Usjakov og Nikolaj Urvantsev i 1930 - 1932. I trå med dei andre øyane i gruppa kalla dei øya etter hendingar og rørsler frå den russiske revolusjonen i 1917. Denne øya vart kalla opp etter medlemmene i Komsomol, den kommunistiske ungdomsunionen.

Nordvest for Komsomoletsøya ligg nokre småøyar kalla Ostrova Demjana Bednogo.

Det er føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Marija (St. Maria).

Pionerøya[endre | endre wikiteksten]

Pionerøya.

Pionerøya (russisk Ostrov Pioner) er den vestlegaste av dei store øyane i Severnaja Zemlja. Ho har eit areal på 1527 km². Pionerbreen ligg på øya.[10]

Sørvest for Pionerøya ligg Krupskojøya. Ho er relativt stor, om lag 20 km lang og 11 km brei. Sundet mellom dei to øyane er berre 500 meter breitt.

Det er føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Tatiana (St. Tatiana).

Schmidtøya[endre | endre wikiteksten]

Schmidtøya.

Schmidtøya (russisk Ostrov Sjmidta) er 467 km² stor og ligg heilt nordvest i øygruppa. Ho ligg eit stykke unna dei andre øyane i Severnaja Zemlja. Ho er òg den nordlegaste av øyane og er heilt dekt av eit permanent isdekke, Schmidtbreen. Sidan ho ligg så eksponert til er klimaet her mykje kaldare enn for resten av øygruppa.[14] Øya er kalla opp etter den sovjetiske forskaren og den første leiaren av Sjefsdirektoratet for Nordaustpassasjen, Otto Schmidt.

Mindre øyar og øygrupper[endre | endre wikiteksten]

  • Sedovøyane ligg like vest for Oktoberrevolusjonøya i Karahavet. Dei største øyane i denne øygruppa er Srednyj (den lengste øya), Domasjnyj, Strela og Figurnyj. Nær kysten av Oktoberrevolusjonøya ligg Obmannyjøya og 32 km lenger sør ligg Dlinnyjøya. Desse vert stundom rekna som ein del av Sedovøyane. Golomjannij vêrstasjon ligg vest på Srednijøya ved 79°33′N 90°38′E, som har vore i drift kontinuerleg sidan 1954. [15] Det har vore offisielt føreslått å gje Domasjnyjøya namnet Svjatoj Anastasij (остров Святой Анастасии), St. Anastasia-øya.[16]
  • Krasnoflotskijeøyane ligg like sør for Oktoberrevolusjonøya i Karahavet. Dei strekkjer seg frå nord til sør langs ei nesten rett linje. Dei største øyane er Sverdlova (like ved Mys Sverdlova på kysten) Bolsjoj, Srednij og Greben lengst til havs. 35 Km sørvest for Greben ligg to småøyar kalla Opasnje, som òg høyrer til denne øygruppa. Det er ein polarstasjon på Krasnoflotskijeøyane (AS-042).[17]
  • Malyj Tajmyr (232 km²) ligg i Laptevhavet, søraust for Bolsjevikøya. Det har vore føreslått å gje øya namnet Aleksejøya, etter son til tsar Nikolaj II. Starokadomskijøya ligg like ved Malyj Tajmyr og mellom dei ligg eit 6 km breitt sund.
  • Lisjnijøya er 8 km lang og 4,2 km brei. Ho ligg i ei bukt nord for Bolsjevikøya. Sør for denne ligg Juzjnyj, ei mindre øy, og to småøyar. Lisjnij må ikkje forvekslast med Lisjnijøya sør for Firnleyøyane.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Severnaja Zemlja har eit konstant kaldt og tørt klima med ein årleg normaltemperaturen på −16 °C og ein normal årsnedbør på om lag 420 mm. Vêret er som regel overskya. Dei månadlege normaltemperaturane varierer frå −29 °C i februar til −0,5 °C i juli. Øygruppa har store temperaturvariasjonar om vinteren når lågtrykk frå Nord-Atlanteren kjem inn i Arktis med nedbør og høgare temperaturar. Desse lågtrykka er vanlegast i september og oktober, då 30 % av nedbøren gjennom året vert levert. Det er ikkje uvanleg med snøfall om sommaren og temperaturen ligg då rundt 0 °C, sjølv om ein kan få høgare temperaturar når varme luftmassar sig nordover frå Sibir[14]

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Raudsildre (Saxifraga oppositifolia), ei vanleg plante i Arktis som òg finst på Severnaja Zemlja.

Severnaja Zemlja er ein polar ørken med lite vegetasjon og permafrost 50 cm under bakken. Sjeldne karplanter som finst på øyane er mellom anna Cerastium og Saxifraga. Andre typar planter er mosar som Detrichum, Dicranum, Pogonatum, Sanionia, Bryum, Orthothecium og Tortura, samt lav som Cetraria, Thamnolia, Cornicularia, Lecidea, Ochrolechia og Parmelia. [18]

Severnaja Zemlja er det austlegaste området der alkekonge hekkar.

I følgje observasjonar av De Korte, Volkov, og Gavrilo er det observert 32 forskjellige fugleartar på Severnaja Zemlja, og 17 av dei hekkar her. Åtte artar er spreidd over heile øygruppa, alkekonge (Alle alle), krykkje (Rissa tridactyla), teist (Cepphus grylle), ismåse (Pagophila eburnea) og polarmåse (Larus hyperboreus), samt tundrafuglar som snøsporv (Plectrophenax nivalis), fjøreplytt (Calidris maritima) og ringgås (Branta bernicla). [19]

Det vanlegaste pattedyret på Severnaja Zemlja er halsbandlemen (Dicrostonyx torquatus), som finst på alle dei store øyane, og som enkelte stader utgjer ein tettleik på 500 per km² (1,300 per sq mi) . Fjellrev (Alopex lagopus) skal ha hatt hi på øyane og fleire hundre individ vart observert i 1980-åra. Andre pattedyr som stundom er å sjå på øyane er ulv (Canis lupus), røyskatt (Mustela erminea), polarhare (Lepus timidus) og reinsdyr (Rangifer tarandus). [19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]