Boris the Spider
| Boris the Spider Singel av The Who frå albumet A Quick One |
||
| A-side | Whiskey Man | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1966 (album) / 1967 (japansk b-side) | |
| Innspelt | 1966 | |
| Sjanger | Psykedelisk rock | |
| Lengd | 2:29 | |
| Låtskrivar(ar) | John Entwistle | |
«Boris the Spider» er ein song skriven av bassisten i The Who, John Entwistle. Songen er det fjerde sporet på albumet deira A Quick One frå 1966. Det vert hevda at dette er den første songen Entwistle skreiv, men «Whiskey Man» vart skriven tidlegare. Pete Townshend fortalte Entwistle at han trengde ein song til for albumet. Entwistle gjekk så heim og skriv denne songen om ein edderkopp. Songen vart eit fast innslag på konsertane deira. Sjølv om songen vart populæra vart han aldri gjeve ut på singel i USA eller Storbritannia, men hamna som b-side på singelen «Whiskey Man» i Japan i 1967.
|
Look, he's crawling up my wall John Entwistle
|
«Boris the Spider» vart skriven etter at Entwistle hadde vore ute og drukke med bassisten i Rolling Stones, Bill Wyman. Dei kom opp med morosame namn på dyr då Entwistle kom på «Boris the Spider». På refrenget syng Entwistle tittelen med ein vokalstil som ligg tett opp til vokalstilen nytta i death metal.
Songen er ein av tre «barnslege» songar av Entwistle. Dei to andre er «Silas Stingy» frå The Who Sell Out og «Dr. Jekyll and Mr. Hyde» (B-side til «Magic Bus» og «Call Me Lightning»).
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |