The Who by Numbers
| The Who by Numbers Studioalbum av The Who |
||
| Utgjeve | 3. oktober 1975 | |
| Innspelt | April til 12. juni 1975, Shepperton Studios med hjelp av Ronnie Lane's Mobile Studio | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 37:19 | |
| Selskap | Polydor Records | |
| Produsent | Chris Charlesworth, Bill Curbishley, Glyn Johns, Robert Rosenberg | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Who-kronologi | ||
| Quadrophenia (1973) |
The Who by Numbers | Who Are You (1978) |
The Who by Numbers er det sjuande albumet til det engelske rockebandet The Who, utgjeve den 3. oktober 1975. Det vart kåra til det tiande beste albumet dette året av The Village Voice sin Pazz & Jop kritikaravstemming.[1]
Innhaldsliste |
Historie[endre]
Utan den massive strukturen og ambisjonane som låg dei meir kjende verka til bandet, Tommy og Quadrophenia, står låtskrivinga til Pete Townshend for seg sjølv i den sparsame og mørke The Who by Numbers. Her er ikkje syntheziserar eller lag på lag med lydspor. I staden finn ein skildringar om alkoholisme, begjær og avsky for seg sjølv, samt dei mørke sidene av snikande mellomalderen og frykt for å verte irrelevant. På «They Are All In Love» klagar Townshend: «Hey goodbye all you punks, stay young og stay high / Hand me my checkbook while I crawl off to die». Slike tema strekk seg frå det håplause refrenget på «However Much I Booze» (sungen av Townshend, sidan Roger Daltrey fann han for personleg), «There ain't no way out» («Det finst ingen utveg»), til det desillusjonerte spørsmålet, «How many friends have I really got?» («Kor mange vener har eg eigentleg?»)
Eit par spor står i kontrast til dette, som singelen og hitten «Squeeze Box» og «Blue, Red and Grey» med tekstlinja «I like every minute of the day» («Eg likar kvart minutt av dagen»). Songen til John Entwistle, «Success Story», går tilbake til eit like fortvilt og kynisk syn på stjernelivet som resten av plata. På «In a Hand or a Face» kan ein høyre tekstmessige og musikalske tema frå Who-songar frå 60-talet og songen er ein uventa heftig avslutning på albumet.
Omslaget på albumet er ei teikning av John Entwistle, teikna som ein del av ein teikneserie om The Who.
The Who by Numbers nådde sjuandeplassen i Storbritannia og åttandeplassen i USA.
Innhald[endre]
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Slip Kid» | 4:32 | |||||||
| 2. | «However Much I Booze» | 5:03 | |||||||
| 3. | «Squeeze Box» | 2:42 | |||||||
| 4. | «Dreaming from the Waist» | 4:09 | |||||||
| 5. | «Imagine a Man» | 4:04 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Success Story» (John Entwistle) | 3:24 | |||||||
| 7. | «They Are All in Love» | 3:03 | |||||||
| 8. | «Blue, Red and Grey» | 2:50 | |||||||
| 9. | «How Many Friends» | 4:07 | |||||||
| 10. | «In a Hand or a Face» | 3:25 | |||||||
Bonusspora frå 1996-utgåva vart spelt inn på ein konsert i Swansea Football Ground den 12. juni 1976.
| Bonusspor på 1996-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 11. | «Squeeze Box» | 3:13 | |||||||
| 12. | «Behind Blue Eyes» | 4:39 | |||||||
| 13. | «Dreaming from the Waist» | 4:57 | |||||||
Medverkande[endre]
- The Who
- Roger Daltrey – vokal, munnspel
- John Entwistle – bassgitar, 8-strengsbass, blåsarar, tangentinstrument, vokal, solovokal på mellomspelet på «Success Story»
- Keith Moon – trommer, perkusjon
- Pete Townshend – gitar, tangentinstrument, ukulele, trekkspel, banjo, vokal, solovokal på «However Much I Booze», «Blue, Red and Grey» og mellomspelet på «Success Story»
- Andre
- Dave Arbus – fiolin
- Nicky Hopkins – piano, tangentinstrument
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Who by Numbers» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |