Endless Wire
| Endless Wire Studioalbum av The Who |
||
| Utgjeve | 30. oktober 2006 | |
| Innspelt | Hausten 2002 til sommaren 2006 i heimestudioet til Pete Townshend og Eel Pie Oceanic Studios | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 58:45 | |
| Selskap | Polydor | |
| Produsent | Pete Townshend med Bob Pridden og Billy Nicholls (Roger Daltrey berre vokalen) | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Who-kronologi | ||
| It's Hard (1982) |
Endless Wire | |
Endless Wire er det ellevte albumet til det engelske rockebandet The Who, gjeve ut 30. oktober 2006. Det var det første studioalbumet deira på 24 år etter It's Hard i 1982. Albumet skulle opphavleg ut våren 2005 med arbeidstittelen WHO2. Endless Wire debuterte på sjuandeplass på Billboard lista i USA og niandeplassen i Storbritannia. Delar av albumet hadde vore spelt på turneen deira i 2006-2007. Dei fleste songane frå albumet vart nytta i rockemusikalen The Boy Who Heard Music som hadde premiere i juli 2007.
Innhaldsliste |
Historie og komposisjon [endre]
21. mars 2005 annonserte Pete Townshend at det nye albumet kom til å verte utsett. I 2006 drog The Who på turneen med ein del av songane frå det komande albumet. Townshend annonserte på heimesida si at delar av albumet, ein miniopera kalla The Glass Household danna kjernen i albumet og var basert på romanen hans The Boy Who Heard Music.
Ei kortare utgåve av operaen vart gjeven ut sommaren 2006. Dette var ein EP kalla Wire & Glass.
3. oktober 2006 vart songen «It's Not Enough» frå det komande albumet gjort tilgjengeleg på iTunes. Det same vart «Tea & Theatre». 14. oktober 2006 lanserte Polydor ei nettside for albumet. Her kunne ein høyre, men ikkje laste ned, delar av albumet.
Endless Wire gjekk inn på sjuandeplassen på Billboard 200 og selde 81 000 eksemplar den første veka.[1]
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Fragments» (Townshend, Lawrence Ball) | 3:58 |
| 2. | «A Man in a Purple Dress» | 4:14 |
| 3. | «Mike Post Theme» | 4:28 |
| 4. | «In the Ether» | 3:35 |
| 5. | «Black Widow's Eyes» | 3:07 |
| 6. | «Two Thousand Years» | 2:50 |
| 7. | «God Speaks of Marty Robbins» | 3:26 |
| 8. | «It's Not Enough» (Townshend, Rachel Fuller) | 4:02 |
| 9. | «You Stand by Me» | 1:36 |
| Wire & Glass: A Mini-Opera | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 10. | «Sound Round» | 1:21 | |||||||
| 11. | «Pick Up the Peace» | 1:28 | |||||||
| 12. | «Unholy Trinity» | 2:07 | |||||||
| 13. | «Trilby's Piano» | 2:04 | |||||||
| 14. | «Endless Wire» | 1:51 | |||||||
| 15. | «Fragments of Fragments» (Townshend, Ball) | 2:23 | |||||||
| 16. | «We Got a Hit» | 1:18 | |||||||
| 17. | «They Made My Dream Come True» | 1:13 | |||||||
| 18. | «Mirror Door» | 4:14 | |||||||
| 19. | «Tea & Theatre» | 3:24 | |||||||
| Bonusspor på nokre utgåver | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 20. | «We Got a Hit» (extended version) | 3:03 | |||||||
| 21. | «Endless Wire» (extended version) | 3:03 | |||||||
Medverkande [endre]
- The Who
- Roger Daltrey – vokal
- Pete Townshend – gitarar, vokal, bassgitar, trommer, piano, tangentinstrument, fiolin, banjo, mandolin, trommemaskin
- Andre
- Lawrence Ball – elektronisk musikk på «Fragments»
- Ellen Blair – bratsj på «Trilby's Piano»
- John «Rabbit» Bundrick – Hammondorgel, korvokal
- Jolyon Dixon – akustisk gitar på «It's Not Enough»
- Rachel Fuller – tangentinstrument på «It's Not Enough», orkestrering på «Trilby's Piano»
- Peter Huntington – trommer
- Gill Morley – fiolin på «Trilby's Piano»
- Vicky Matthews – cello på «Trilby's Piano»
- Billy Nicholls – korvokal
- Pino Palladino – bassgitar
- Stuart Ross – bassgitar på «It's Not Enough»
- Zak Starkey – trommer på «Black Widow's Eyes»
- Simon Townshend – korvokal, gitar
- Brian Wright – fiolin på «Trilby's Piano»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Endless Wire (The Who album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hasty, Katie. "'Montana' Zooms av Manilow For Second Week at No. 1". billboard.com. 8. november 2006.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Streaming av "It's Not Enough", "Tea & Theatre", "Black Widow Eyes" og "Man in a Purple Dress"
- Pete Townshend snakkar om Endless Wire
- Song for song
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |