Roger Daltrey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Daltrey

Roger Daltrey på Live 8 i 2005
Fødd1. mars 1944 (80 år)
Hammersmith, London, England
FødestadHammersmith
FødenamnRoger Harry Daltrey
OpphavStorbritannia
Aktiv1959 - til i dag
SjangerRock, hardrock, kunstrock, poprock
InstrumentVokal, gitar, munnspel, perkusjon
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Who
PlateselskapAtco Records, Atlantic Records, Decca Records, Track Record
Verka somSongar, låtskrivar, musikar, skodespelar, filmprodusent
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Steiger Award, James Joyce-prisen, Kennedy Center Honors

Roger Harry Daltrey (fødd 1. mars 1944) er ein engelsk songar og skodespelar, mest kjend som ein av grunnleggjarane og vokalist i det engelske rockebandet The Who. Han har òg hatt ein karriere som soloartist og arbeidd i filmindustrien som skodespelar og produsent.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Daltrey vart fødd inn i ein typisk engelsk arbeidarklassefamilie og voks opp i Chiswick, Hounslow. Han utmerkte seg på skolen og kom inn på guteskulen Acton County Grammar School. Medan familien drøymte om ein universitetskarriere for unge Daltrey, var ikkje strenge engelske skulereglar og autoritære lærarar noko for den opprørske Roger. Han snikra sjølv den første gitaren sin, men i 1959 fekk han den første elektriske gitaren sin av faren. Etter å ha blitt kasta ut av skolen, arbeidde han som stålarbeidar om dagen og musikar om kvelden og natta.

The Who[endre | endre wikiteksten]

Roger Daltrey (t.h.) og Pete Townshend 17. juni 2006 ved minne- plaketten for den legendariske konserten i Universitetet i Leeds 14. februar 1970
Pete Townshend og Roger Daltrey i 2004

Daltrey starta The Who saman med Pete Townshend og John Entwistle i 1964 etter å spelt saman i to år som «The Detours» og «The High Numbers». The Who vart opphavleg oppfatta å vere eit for sært namn. Townshend og Daltrey skreiv ein del musikk saman, men Daltrey vart etter kvart overskugga av Townshend sine meir kompliserte komposisjonar. Men vokalen hans bar musikken og som visuelt midtpunkt i gruppa var Daltrey heilt sentral. Særleg var snurringa han gjorde med mikrofonen ved å halde eit stykke nede på leidningen eit av varemerka hans. Daltrey har, som så mange andre, trekt fram Elvis Presley sin uortodokse sceneopptreden som ei stor inspirasjonskjelde, medan Townshend på si side var lite glad i Presley.

Det stammande uttrykket til Daltrey for ungdommeleg sinne og frustrasjon i den første store hitten deira «I Can’t Explain» og ikkje minst «My Generation» fanga pulsen på denne tida og ungdomsfrustrasjon over å ikkje bli tatt på alvor i «den vaksne verda». Seinare vart primalskriket til Daltrey mot slutten av «Won’t Get Fooled Again» eit av høgdepunkta til bandet.

Daltrey såg tidleg kva trussel mot bandet og venene bruken av rusmidlar og overdriven alkoholkonsum representerte og han jobba hardt for å halde bandet saman og stoffmisbruket på avstand. Då han ein gong skylde pillene til Keith Moon ned i toalettet og Moon protesterte heftig og krakilsk, slo Daltrey han ned med eit enkelt slag. Han har òg tidlegare vore fleire gonger i handgemeng med Pete Townshend i studio av same grunn. Daltrey var kjent som ein helsefantast, medan dei andre kunne tylle i seg brennevin i studio.

Det var alltid stemma til Daltrey og ansiktet hans som fronta bandet. Kombinasjonen av den intellektuelle og noko kompliserte Townshend med den karismatiske og visuelle Daltrey har vore ein del av nøkkelen til suksessen til The Who. Då rockeoperaen Tommy vart filma i 1975 av Ken Russell, vart Daltrey i hovudrolla nominert til Golden Globe-prisen for beste filmdebutant. Dette vart òg ein utløysande faktor for Daltrey si skodespelarkarriere.

Arbeid utanfor The Who[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om The Who er den sentrale musikalske ståstaden til Daltrey, har han gjeve ut åtte soloalbum.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Daltrey, 1973
  • Ride a Rock Horse, 1975
  • One of the Boys, 1977
  • McVicar, 1980
  • Parting Should be Painless, 1984
  • Under a Raging Moon, 1985
  • Can't Wait to See the Movie, 1987
  • Rocks in the Head, 1992

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lisztomania (Franz Liszt), 1975
  • Tommy (Tommy Walker), 1975
  • The Legacy (Clive), 1978
  • McVicar (John McVicar), also Producer, 1980
  • The Beggar’s Opera (Macheath), 1983
  • Murder: Ultimate Grounds for Divorce, 1985
  • The Little Match Girl (Jeb Macklin), 1987
  • Mack the Knife (Street Singer), 1989
  • Cold Justice (Keith Gibson), 1989
  • Buddy's Song (Terry Clark); also Music Score Composer, Producer, 1991
  • If Looks Could Kill - Teen Agent (Blade), 1991
  • The Freddie Mercury Tribute Concert ,1992
  • Lightning Jack (John T. Coles), 1994
  • Vampirella (Vlad), 1996
  • Like It Is (Kelvin), 1998
  • The Magical Legend of the Leprechauns (1999)....King Boric
  • Dark Prince: The True Story of Dracula (King Janos), 2000
  • Best (Rodney Marsh), 2000
  • The Young Messiah - Messiah XXI (2000) (DVD)
  • Chasing Destiny (Nehemiah Peoples), 2001
  • .com for Murder (Ben), 2002
  • Johnny Was (Jimmy Nolan), 2006

Veldedig arbeid[endre | endre wikiteksten]

31. desember 2004 vart han utnemnd til Commander of the Order of the British Empire for sine tenester til musikk, underhaldningsindustrien og ikkje minst til humanitært arbeid, der han har arbeidd mykje for å reise midlar til kreftforsking hos barn og unge, etter at systera hans døydde ung av kreft. Etter 2000 har han organisert fleire konsertar til inntekt for «Teenage Cancer Trust» i Storbritannia, noko som har brakt inn fleire millionar pund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]