Who Are You
| Who Are You Studioalbum av The Who |
||
| Utgjeve | 18. august 1978 | |
| Innspelt | Oktober 1977 til april 1978 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 43:00 | |
| Selskap | Polydor | |
| Produsent | Jon Astley, Glyn Johns og The Who | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Who-kronologi | ||
| The Who by Numbers (1975) |
Who Are You | Face Dances (1981) |
Who Are You er det åttande albumet av det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 18. august 1978 på Polydor Records i Storbritannia og MCA Records i USA. Det nådde andreplassen på den amerikanske salslista og sjetteplass i Storbritannia. Albumet er det siste med Keith Moon som trommeslagar. Moon døydde berre nokre veker etter albumet kom ut.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Who Are You kom ut på eit tidspunkt då dei to store leiarane innan rock, progressive rock og punkrock, kjempa mot kvarandre med sine motsette stilar. Pete Townshend skreiv songar som var eit forsøk på å bringe dei to stilane saman. Albumet syner nokre av dei mest komplisert strukturerte songane som Townshend nokon gong hadde laga med mange lag av synthesizerar og strykarar. Moon si dårlege helse kjem til syne i nokre av songane og den frenertiske spelinga han var kjend for manglar på mange av songane. Han gjev likevel ei mektig framføring på tittelsporet.
Det gjekk tre år mellom Who Are You og det førre albumet, The Who by Numbers. Bandet hadde drive bort frå kvarandre i denne perioden og bandmedlemmene hadde arbeidd på forskjellige soloprosjekt. Moon hadde vorte sterkt avhengig av alkohol og dop og var generelt utslitt etter den intensive turneringa bandet hadde gjort dei føregåande ti åra. Bandet var særleg uroa over helsa til Moon, sidan han berre klarte å delta nokre få veker av innspelinga og ikkje klarte å spele i 6/8-takt på «Music Must Change». Trommene vart derfor heilt fjerna frå sporet og berre nokre få cymbalslag vart nytta. Moon døydde mindre enn ein månad etter utgjeinvar. På omslaget kan ein sjå Moon sittjande i ein stol med skiltet «Not to be taken away» («Må ikkje fjernast»).
Mottaking [endre]
Albumet vart ein kommersiell suksess og selde til to ganger platina i USA og nådde andre plassen på albumlista her, bak filmmusikken til Grease. Forvetningane til den turneen som skulle følgje albumet var stor, men turneen vart utsett då Moon døydde kort tid etter albumet kom ut. Kenney Jones erstatta Moon på turneen i 1979. Med var òg John Bundrick på keyboard. Bundrick hadde vore invitert til å studioinnspelinga av albumet, men braut armen sin då han fall på veg ut av taxien ved studioet og kunne ikkje delta.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «New Song» | 4:14 | |||||||
| 2. | «Had Enough» (John Entwistle) | 4:27 | |||||||
| 3. | «905» (John Entwistle) | 4:02 | |||||||
| 4. | «Sister Disco» | 4:23 | |||||||
| 5. | «Music Must Change» | 4:39 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Trick of the Light» (John Entwistle) | 4:45 | |||||||
| 7. | «Guitar and Pen» | 5:56 | |||||||
| 8. | «Love Is Coming Down» | 4:04 | |||||||
| 9. | «Who Are You» | 6:16 | |||||||
| Bonusspor på 1996-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 10. | «No Road Romance» | 5:10 | |||||||
| 11. | «Empty Glass» | 6:23 | |||||||
| 12. | «Guitar and Pen» (Olympic '78 Mix) | 5:58 | |||||||
| 13. | «Love Is Coming Down» (Work-in-Progress Mix) | 4:06 | |||||||
| 14. | «Who Are You» (Lost Verse Mix) | 6:18 | |||||||
Medverkande [endre]
- The Who
- Roger Daltrey – vokal
- John Entwistle – bassgitar, vokal, synthesizer, blåsarar på «Had Enough» og «Music Must Change» og solovokal på «905»
- Keith Moon – trommer, perkusjon, korvokal på «Who Are You»
- Pete Townshend – gitar, piano, synthesizer, vokal
- Andre
- Rod Argent – synthesizer på «Had Enough», piano på «Who Are You»
- Ted Astley – strykearrangement
- Andy Fairweather-Low – korvokal på «New Song», «Had Enough», «Guitar and Pen», «Love Is Coming Down» og «Who Are You»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Who Are You» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- www.thewho.net. Who Are You Liner Notes.
- www.allmusic.com. Who Are You Credits.
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |