The Who Sell Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Who Sell Out
Studioalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 15. desember 1967
Innspelt Mai til november 1967
Studio
Sjanger
Lengd 38:46
Selskap Track
Produsent
Britisk The Who-kronologi 
A Quick One
(1966)
The Who Sell Out Direct Hits
(1968)
Amerikansk The Who-kronologi
Happy Jack
(1967)
The Who Sell Out Magic Bus: The Who on Tour
(1968)
Singlar frå The Who Sell Out
  1. «I Can See for Miles»
    Utgjeve: 14. oktober 1967
  2. «Mary Anne with the Shaky Hand»
    Utgjeve: 2. februar 1968 (Nederland)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[3]
Mojo4/5 stars[4]
NME9/10[4]
Q4/5 stars[4]
Record Collector4/5 stars[4]
Rolling Stone4.5/5 stars[5]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[6]
Uncut5/5[7]
The Village VoiceA+[5]

The Who Sell Out er det tredje albumet til det engelske rockebandet The Who, gjeve ut i 1967 av Track Records i Storbritannia og Decca Records i USA. Det er eit konseptalbum, sett saman som ei samling av sjølvstendige songar med falske reklamar og tenestemeldingar mellom. Albumet gjer seg ut for å vere piratradiostasjonen Radio London. Ein del av den tilsikta ironien med tittelen var at The Who faktisk lagde reklamar i denne perioden av karrieren, og nokre av desse er med som bonusspor på den nymastra CD-utgåva.

Då albumet kom ut følgde visstnok ei rekkje søksmål sidan verkelege produkt var nemnde i dei falske reklamane, samt at desse produkta var vist på plateomslaget. I 2003 vart albumet plassert på 113. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Albumet[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget er delt inn i fire med bilete tekne av David Montgomery av kvart bandmedlemm, to på framsida og to på baksida. På framsida er Pete Townshend med ein gigantisk deodorant av merke Odorono, og Roger Daltrey som sit i eit badekar fylt med Heinz baked beans medan han held ein gigantisk hermetikkboks av same merke. Roger Daltrey skal visstnok ha fått lungebetennelse av å sitte lenge i badekaret sidan bønnene hadde vore kalde før dei vart tømd oppi.[8] På baksida finn ein Keith Moon som smør på Medac frå ein enorm tube, medan John Entwistle i ei Tarzan-drakt av leopardskinn klemmer ei blond kvinne i ein leopardsskinnsbikini med ein arm og ein teddybjørn med den andre (ein reklame for eit Charles Atlas-treningsprogram omtalt i ein av dei falske reklamane på albumet).

Rockekritikar Dave Marsh hevdar i Before I Get Old (ei sogen om The Who) at dette var det første popalbumet nokon gong som ikkje trykte innhaldet på plata på omslaget. Dette er derimot ikkje korrekt sidan debutalbumet til Moby Grape seks månader før innehar denne tittelen.

«I Can See for Miles» vart gjeven ut som singel og nådde tiandeplassen i Storbritannia. Townshend, som skreiv songen, var sikker på at han ville nå toppen av lista og vart skuffa. Han mista trua på seg sjølv når det gjaldt å skrive hitsinglar, og valde i staden å fokusere all energien sin på å skrive tematiske album, noko som resulterte i Tommy:

«Rael» er eit utdrag frå eit av dei første forsøka til Pete Townshend på ein rockeopera. Handlinga kjem ikkje klårt fram frå utdraget, men involverer tilsynelatande helten «Captain» som vert sviken av mannskapet sitt under eit hemmeleg forsøk på å redde Rael frå ein komande invasjon av Red Chins. Det dramatiske instrumentalpartiet inneheled musikalske element som dukka opp i både «Sparks» og «Underture» på Tommy. Som tidlege utgåver av The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band endar Sell Out med ei låst vinylrille som går i ei sløyfe, i dette tilfellet ein a cappella jingel for Track Records.

Albumet er kjend for at Roger Daltrey ikkje er solovokalist på dei fleste songane, og syng berre på tre songar, «Tattoo», «I Can See for Miles» og «Rael». «Heinz Baked Beans», «Medac» og «Silas Stingy» er sungne av John Entwistle; «Odorono», «Our Love Was/Is», «I Can't Reach You» og «Sunrise» av Pete Townshend; medan Daltrey og Townshend deler vokale på resten av songane.

I 2009 kom ei dobbel CD-utgåve av albumet ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Armenia City in the Sky»Speedy KeenDaltrey og John «Speedy» Keen3:48
2.«Heinz Baked Beans»John EntwistleEntwistle (talte ord)1:00
3.«Mary Anne with the Shaky Hand» Daltrey og Townshend2:28
4.«Odorono» Townshend2:34
5.«Tattoo» Daltrey, med Townshend2:51
6.«Our Love Was» (På den originale amerikanske utgåva kalla «Our Love Was, Is») Townshend3:23
7.«I Can See for Miles» Daltrey4:05
Total lengd:20:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
8.«Can't Reach You» (Seinare kalla «I Can't Reach You») Townshend3:03
9.«Medac» (Kalla «Spotted Henry» på den amerikanske utgåva)EntwistleEntwistle0:57
10.«Relax» Daltrey og Townshend2:41
11.«Silas Stingy»EntwistleEntwistle3:07
12.«Sunrise» Townshend3:06
13.«Rael» (Kalla «Rael 1» på 1995-utgåva) Daltrey5:44
Total lengd:18:38
Bonusspor på CD-utgåva frå 1995
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
14.«Rael 2» Townshend0:47
15.«Glittering Girl» Townshend, med Entwistle2:56
16.«Melancholia» (Ikkje med på luksusutgåva) Daltrey3:17
17.«Someone's Coming»EntwistleDaltrey2:29
18.«Jaguar» Moon, med Townshend2:51
19.«Early Morning Cold Taxi»Roger Daltrey, Dave LangstonDaltrey2:55
20.«In the Hall of the Mountain King»Edvard Grieg 4:19
21.«Girl's Eyes»Keith MoonMoon og Entwistle3:28
22.«Mary Anne with the Shaky Hand» (US Mirasound-versjon) Daltrey, med Townshend3:19
23.«Glow Girl» (Ikkje med på luksusutgåva) Daltrey og Townshend2:24
Total lengd:28:45
Bonusspor på plate ein av luksusutgåva frå 2009
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Rael Naive» 0:59
15.«Someone's Coming»Entwistle2:36
16.«Early Morning Cold Taxi»Daltrey, Langston2:59
17.«Jaguar» 2:58
18.«Coke After Coke» 1:05
19.«Glittering Girl» 3:00
20.«Summertime Blues»Eddie Cochran, Jerry Capehart2:35
21.«John Mason Cars» 0:40
22.«Girl's Eyes»Moon2:52
23.«Sodding About»Entwistle, Moon, Townshend2:47
24.«Premier Drums» (fullversjonen)Moon0:43
25.«Odorono» (Final Chorus) 0:24
26.«Mary Anne with the Shaky Hand» (US Mirasound-versjonen) 3:22
27.«Things Go Better with Coke» 0:30
28.«In the Hall of the Mountain King»Grieg; arrangert av The Who4:23
29.«Top Gear» 0:52
30.«Rael (1 & 2)» (nyversjon) 6:35
Total lengd:39:20
Bonusspor på plate to av luksusutgåva frå 2009
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Mary Anne with the Shaky Hand» (versjon 1; amerikansk singelmiks i mono) 3:16
15.«Someone's Coming» (britisk singelmiks i mono)Entwistle2:31
16.«Relax» (tidleg demo, stereo) 3:21
17.«Jaguar» (original monomiks) 2:51
18.«Glittering Girl» (ikkje tidlegare utgjeven versjon, stereo) 3:17
19.«Tattoo» (tidleg monomiks) 2:46
20.«Our Love Was» (opptak 12, unytta monomiks) 3:16
21.«Rotosound Strings» (med siste merknad, stereo) 0:12
22.«I Can See for Miles» (tidleg monomiks) 4:00
23.«Rael» (tidleg monomiks) 5:46
24.«Armenia City in the Sky» (isolert baklengs spor (løynd spor))Keen3:15
25.«Great Shakes» (Ikkje før utgjeven amerikansk radiorreklame; (løynd spor)) 1:01
Total lengd:35:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who

  • Roger Daltrey - solovokal
  • Pete Townshend - gitar, kor- og solovokal («Odorono,» «Our Love Was,» «I Can't Reach You,» «Sunrise,» «Rael Naive,» «Jaguar,» «Glittering Girl»)
  • John Entwistle - bass, blåsarar («Armenia City in the Sky», «Someone's Coming», «Top Gear»), kor- og solovokal («Medac,» «Silas Stingy,» «Summertime Blues,» «John Mason's Cars,» «Glittering Girl»)
  • Keith Moon - trommer, solovokal («Jaguar», «Girl's Eyes,» «John Mason's Cars»)

Andre medverkande

  • Al Kooper - orgel («Rael 1», «Mary Anne with the Shaky Hand (alternativ versjon)»)
  • Speedy Keen - vokal («Armenia City in the Sky»)

Teknisk

  • Kit Lambert - produsent, lydteknikar
  • Damon Lyon-Shaw - lydteknikar
  • Jon Astley and Andy Macpherson - lydteknikarar (1995-ommaster)
  • David Montgomery - fotografi
  • David King og Roger Law - design
  • Adrian George - psykedelisk plakat-design[9]
  • Richard Evans - 1995- og 2009 design og kunstnarisk leiar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1967 UK Chart Albums 13
1968 Billboard Pop Albums 48[10]
Singlar
År Singel Liste Plassering
1967 «I Can See for Miles» Billboard Pop Singles 9[11]
UK Singles Charts 10

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Who Official Band Website – Roger Daltrey, Pete Townshend, John Entwistle, and Keith Moon, The Who Sell Out». Thewho.com. Henta 21. september 2019. 
  2. Unterberger, Richie. «The Who Sell Out – The Who». AllMusic. Henta 21. september 2019. 
  3. Larkin, Colin (2011). «The Who». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Who Sell Out CD». Rakuten.com. Muze. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 1. juli 2013. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (26. desember 1995). «Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 21. september 2019. 
  6. Kemp 2004, s. 871.
  7. Kelly, Danny (April 2009). «The Who – The Who Sell Out». Uncut (London). Arkivert frå originalen 15. oktober 2014. Henta 21. september 2019. 
  8. BBC News - Roger Daltrey's concert conundrum
  9. «The Who Sell Out - liner notes». The Hypertext Who. Henta 21. september 2019. 
  10. The Who Sell OutAllmusic. Henta 21. september 2019.
  11. The Who Sell OutAllmusic