Monmouthshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monmouthshire
WalesMonmouthshire.png
Geografi
Areal
850 km²
Administrasjonsstad
Cwmbran
Demografi
Folketal
- Totalt (2007)
- Folketettleik

88 200
103,8 /km²

Monmouthshire (walisisk Sir Fynwy) er eit grevskap i det søraustlege Wales. Det noverande grevskapet vart oppretta 1. april 1996 og dekker den austlege halvdelen av det tradisjonelle grevskapet. Det erstatta distriktet Monmouth med tillegg av ein mindre del av distriktet Blaenau Gwent. Administrasjonsbyen er Cwmbran.

Det tradisjonelle grevskapet inkluderer Newport og grensar mot Brecknockshire og Glamorgan i Wales og Gloucestershire og Herefordshire i England. Frå 1974 til 1996 var det dekt av grevskapet Gwent, som hadde praktisk talt same grenser. Det omfattar òg eksklaven Welsh Bicknor, som ligg mellom grensa mellom dei seremonielle grevskapa Gloucestershire og Herefordshire og som administrativt har vore ein del av sistnemnte sidan 1844.

Den nasjonale statusen til Monmouthshire var uklår inntil 1974, då området vart definert som ein del av Wales under lokalstyrereforma. Tidlegare hadde ein snakket om 'Wales og Monmouthshire', sjølv om grevskapet hadde vore rekna som walisisk i fleire hundreår. Årsaka til usikkerheita stammer frå at det ikkje vart nemnt i Unionslova mellom England og Wales1500-talet. I Encyclopædia Britannica si utgåve frå 1911 stod det at Monmouthshire var ein del av England, men at når ei lov vart vedteke som gjeldande berre i Wales, vart alltid Monmouthshire rekna med i denne definisjonen. Då Departementet for Wales vart oppretta i 1964, vart òg Monmouthshire teke med under ansvarsområdet deira og av administrative årsaker klargjorde ein det gjennom ei regjeringsordre i 1968 og i lokalstyreloven av 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]