Brunnakke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Brunnakke | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anatidae | |
| Slekt: | Anas | |
| Art: | A. penelope | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anas penelope | ||
| Brunnakke | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Nordsamisk | Snárttal |
| Svensk | Bläsand |
| Dansk | Pibeand |
| Engelsk | Wigeon, Eurasian Wigeon |
| Tysk | Pfeifente |
| Fransk | Canard siffleur |
| Spansk | Silbón europeo |
| Russisk | Svijaz (Свиязь) |
Brunnakke (Anas penelope) er blant grasendene våre og vert ofte kalla pipand.
Innhaldsliste |
Kjenneteikn[endre]
Ein vaksen brunnakke vert 0,4-1,1 kg og om lag 46 cm. Hovudet er brunt og nebbet kort. Ho har bratt panne, som gjer at hovudet vert rundt. Båe kjønn har grønt vengjespel. På framdelen av vingen har hannen eit kvitt felt, dette er meir flekkete hjå hoa. Under flukt støter anda ut ein fløytande lyd som har gjeve henne namnet pipand.
Forvekslingsart[endre]
Sjå stokkand.
Utbreiing[endre]
Brunnakka er mest vanleg langs kysten. Ho er på linje med stokkanda lite knytta til ein særskild biotop, so ho er ogso i innlandet.