Kastanje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Kastanje

Ei hasselbuske
Ei hasselbuske

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Fagales
Underorden:
Familie: Fagaceae
Slekt: Castanea
Art: C. sativa
Vitskapleg namn
Castanea sativa

Kastanje (Castanea sativa) er eit lauvfellande tre som framfor alt veks i Middelhavslanda. Det kan vekse lengst sør i Skandinavia og iblant få mogne nøtter der. Kastanjetre liknar eik i form og storleik, og blir nesten like gamle, sjølv om dei veks raskare til full storleik. Blomstrane veks i store oppreiste klasar.

«Kastanjane» som veks i Noreg, er av ein annan art, hestekastanje (Aesculus hippocastanum), som er giftig.

[endre] Bruksområde

Kastanjenøtter

Kastanjens frukt er ei nøtt som sit gruppevis to eller tre i eit tjukt takket skal. Nøttene frå ekte kastanje er etande og har difor lenge vre dyrka av menneska. Gjennom mellomalderen kom kastanjen til nordlegare breidder og vart ofte dyrka av munkar i klosterhagar. I dag kan ein finne hundreårige tre rundt om i Sentral- och Vesteuropa. Den smakrike nøtta brukast til konfekt eller vert rista (dvs steikt). Dei er populære i Italia, Frankrike og spesielt på Korsika. Nøttene kan ristast heile, eller dei vert malne til kastanjemjøl som brukast i ymse matrettar. «Kastanjane» som veks i Noreg er av ein annan, giftig, art!

Veden frå kastanje er tett og tung og kan brukast till snikkararbeid og vinfat. Av barken kan ein framstille tannin.