Caledonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser grensene for dei romerske murane i Skottland. Landet nord for desse såg romarane på som «Caledonia».

Caledonia er det latinske namnet som Romarriket gav, til den nordlegaste delen av Storbritannia. Bruken av namnet vert nokre gonger nytta spesielt om området nord for Den antoninske muren, men vert oftast brukt som synonym for det området som i dag utgjer Skottland.

Namnet er avleidd frå ein piktisk stamme som romarane hadde kalla Caledonii, som var ein av fleire i området, og kanskje den dominerande. Namnet deira finn ein også i «Dùn Chailleann», eit skotsk-gælisk ord for byen Dunkeld, og «Sidh Chailleann» for fjellet Schiehallion, «Alve(bakke)n til kaledoniarane».

Den moderne bruken av omgrepet Caledonia på engelsk og skotsk er som regel ei romantisk eller poetisk nemning for Skottland. Skottland er i seg sjølv avleidd frå Scotia, det latinske namnet på Irland. Nordlege irske stammar, «skotarar», innvandra eller invaderte vestkysten av Skottland på 500-talet e.Kr., og danna etter kvart kongedømmet Dalriada i konkurranse med den piktiske folkesetnaden i det som vert kalla for Piktland. Med tida var skotarane og piktarane sameinte til eitt folk, skottarar, kanskje på grunn av presset frå ei tredje folkegruppe nordfrå, dei norrøne, hovudsakleg frå Noreg.

Den kaledonske orogenesen er ei fjellkjedefalding som er oppkalla Caledonia, og som grovt sett går frå Skottland, gjennom Noreg og endar på Svalbard.

Ny-Caledonia er eit fransk territorium i Stillehavet som fekk namn av James Cook i 1774.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]