Candle in the Wind
| Candle in the Wind Singel av Elton John frå albumet Goodbye Yellow Brick Road |
||
| Utgjeve | 1974 | |
| Sjanger | Pop, glamrock | |
| Lengd | 3:50 | |
| Selskap | DJM Records MCA Records (USA) |
|
| Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
|---|---|---|
| Produsent | Gus Dudgeon | |
| Elton John-kronologi | ||
| «Step into Christmas» (1973) |
Candle in the Wind | «Bennie and the Jets» (1974) |
«Candle in the Wind» er ein song av den britiske songaren Elton John. Musikken er skriven av Elton John med tekst av Bernie Taupin, og songen vart opphavleg skriven i 1973 til ære for Marilyn Monroe som døydde 11 år tidlegare.
Informasjon [endre]
Den opphavlege versjonen av songen vart gjeven ut i 1974 som ein singel frå albumet Goodbye Yellow Brick Road (1973). Teksten i songen er ei sympatisk skildring av livet til Marilyn Monroe. Singelutgjevinga av den originale songen nådde 11. plass på den britiske singellista i 1974. På den tida vart han ikkje gjeven ut som singel i USA, då «Bennie and the Jets» vart valt i staden.
Songen er vart i 2003 rangert på 347. plass lista til musikkmagasinet Rolling Stone-liste over «Dei 500 beste songane gjennom tidene».
I 1997 framførde Elton John ein ny versjon av songen som ein hyllest til Diana av Wales. Denne versjonen av songen vart utgjeven som singel og nådde førsteplassen i mange land, og vart ein mykje større suksess enn den opphavlege versjonen.
Bakgrunnsstoff [endre]
| 348: «That Lady» The Isley Brothers |
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 347 Elton John – «Candle in the Wind» |
346: «California Love» Dr. Dre & 2Pac |