Capraia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Capraia
Capraia.jpg
Geografi
Tuscan archipelago.png
Stad Liguriahavet
Koordinatar 43°3′N 9°51′EKoordinatar: 43°3′N 9°51′E
Øygruppe Dei toskanske øyane
Areal 19,0 km²
Høgaste punkt Capraia (466 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Toscana
Livorno
Demografi
Folketal 366 (2005)
Folketettleik 19 /km²

Capraia, i antikken Capraria, er ei øy og ein kommune i Italia og ein del av Dei toskanske øyane, utanfor nordvestkysten i provinsen Livorno. Ho ligg 62 km frå byen Livorno og 32 km nordvest for øya Elba. Ho ligg noko nærmare (30 km) den franske øya Korsika. Ho har vulkansk opphav og har eit areal på 19 km². Det høgaste punktet ligg 466 moh. I 2005 hadde kommunen Capraia Isola 366 innbyggjarar.

Øya produserer vin og har eit fiskeri for ansjos. Ho vart ein del av Genova i 1527 og det vart bygd mange festningsverk. I 1796 vart ho okkupert ei kort stund av Horatio Nelson. Delar av øya var tidlegare okkupert av ein straffekoloni for jordbruk, men vart lagt ned i 1986. Det meste av øya vart ein del av nasjonalpark. Om lag 40 km mot nord ligg øya Gorgona som òg er kjend for ansjosfiske.

Demografisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]