Elba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elba
Vestkysten
Vestkysten
Geografi
Tuscan archipelago.png
Stad Liguriahavet
Koordinatar 43°3′N 9°51′EKoordinatar: 43°3′N 9°51′E
Øygruppe Dei toskanske øyane
Areal 224 km²
Høgaste punkt Monte Capanne (1 018 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Toscana
Livorno
Største busetnad Portoferraio (12 020 innb.)
Demografi
Folketal 30 000 (2005)
Folketettleik 134 /km²

Elba (latin Ilva) er ei øy i Dei toskanske øyane i Italia, 20 km frå kystbyen Piombino. Ho er den største øya i øygruppa og den tredje største øya i Italia etter Sicilia og Sardinia. Elba og dei andre øyane (Gorgona, Capraia, Pianosa, Montecristo, Giglio og Giannutri) i øygruppa er verna som ein del av Dei toskanske øyane nasjonalpark. Den franske øya Korsika ligg om lag 50 km mot vest.

Øya er delt i åtte kommunar: Portoferraio, Campo nell'Elba, Capoliveri, Marciana, Marciana Marina, Porto Azzurro, Rio Marina og Rio nell'Elba.

Øya har eit areal på 224 km² og ei kystlinje på 147 km. Det høgaste fjellet er Monte Capanne på 1 018 meter. Øya har om lag 30 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Napoleon på Elba. Måleri av Horace Vernet frå 1836.

Elba var godt kjend i antikken for jernførekomstane. Gruver vart oppretta av etruskarar og etter år 480 f.Kr. av romarane. Grekarane kalla ho Aethalia (flamme) etter flammane frå smelteomnane som vart nytta til metallproduksjonen.

Etter at Romarriket fall leid øya under plyndringstokta til barbarar og sarasenarar. Tidleg på 1000-talet vart Elba ein del av Republikken Pisa. Då Pisa i 1398 vart seld til Visconti i Milano vart øya overtatt av Appiani, herrar av Piombino, som hadde ho i over to hundre år. I 1546 vart delar av øya gjevne til Cosimo I de' Medici, som bygde festningsverk i Portoferraio, og gav han namnet Cosmopoli, medan resten av øya i 1577 gjekk tilbake til Appiani. I 1603 erobra Filipp II av Spania Porto Azzurro og bygde to festningar der. I 1802 kom øya inn under Frankrike og økonomien betra seg.

Etter Fontainebleau-traktaten vart den franske keisaren Napoleon Bonaparte send i eksil til Elba etter han vart tvungen til å abdisere i 1814 og kom til Portoferraio den 3. mai det året. Han fekk lov å halde på den personlege garden sin på seks hundre mann. Sjølv om han formelt hadde suvernitet over Elba, haldt den britiske marinen vakt over øya. I løpet av desse månadane, delvis for å få tida til å gå og delvis ut av omtanke for folket, gjorde han ei rekkje økonomiske og samfunnsmessige reformer for å heve livskvaliteten på Elba. Napoleon var på Elba i 300 dagar før han rømde og returnerte til Frankrike 26. februar for Dei hundre dagane. Etter tapet hans ved Waterloo vart han så send i eksil igjen, denne gongen til den aude og isolerte øya St. Helena i Søratlanteren. Det er hovudsakleg på grunn av Napoleon at Elba er verdskjend.

Etter Wienerkongressen vart øya gjeve til Storhertugdømet Toscana. I 1860 vart øya ein del av det sameinte Italia.

Franske troppar gjekk i land på Elba 17. juni 1944 og sette øya fri frå tyskarane. Feilinformasjon og kraftig forsvar gjorde at kampane vart hardare enn forventa.

I seinare tid har øya vorte kjend for vinen sin og er i dag kjend som eit turistmål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elba

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • David G. Chandler (1990) The Illustrated Napoleon – Henry Holt & Co., New York. ISBN 0-8050-0442-4.