Carl Anton Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Anton Larsen
Grytviken i 1914

Carl Anton Larsen (7. august 18608. desember 1924) var ein norsk kvalfangar, sørhavsfarar og oppdagar frå Østre Halsen utanfor Larvik. Larsen grunnla GrytvikenSør-Georgia den 16. november 1904 som ein kvalfangststasjon for hans selskap Compañía Argentina de Pesca (Argentinas fiskekompani). Selskapet vart ein stor økonomisk suksess i starten, men vart nedlagd i 1966 på grunn av at det var lite kval att.

Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Larsen oppdaga i tida 18921894 øyar og landområde i Antarktis og var kaptein på båten «Antartica»Otto Nordenskiöld sin forskingsekspedisjon til Antarktis. Der overvintra Nordenskiöld saman med sine fire forskarar på øya Snow Hill Island.

Larsenisen i det nordvestlege Weddellhavet, like ved austkysten av Antarktishalvøya er oppkalla etter Carl A. Larsen. Han sigla langs denne kysten i 1893. Området er 86 000 km², unnateke ein del øyar som er dekte av isen. Han har òg fått Larsen Nunatak kalla opp etter seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]