DS «Antarctic» (1871)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antarctic 1.png
«Antarctic» i hamna i Göteborg i 1901
Karriere
Namn: «Antarctic»
Registreringshamn: Flag of Sweden.svg Sverige
Sjøsett: 1871 i Drammen
Lagnad: sokk 12. februar 1903
Generelle mål
Klasse og type: Dampskip
Tonnasje: 226 netto
Lengd: 41,5 meter
Høgd: 33,5 meter
Framdrift: Segl, 45 hk dampmotor
Seglplan: barkrigga
Fart: 6 knop
Kapasitet: 346 brutto

DS «Antarctic» var ei dampdriven polarskute som deltok på to ekspedisjonar til Antarktis. Ho vart bygd på Holmen i Drammen i 1871 som skruefregattskib og målte 226 BRT. Under namnet «Cap Nor» gjekk ho i selfangst i Arktis frå 1872, dei elleve første sesongane med Gullik Jensen frå Nøtterøy som skipper.[1]

I 1893 vart ho selt til Svend Foyn og bygt om for å delta i ein kvalfangstekspedisjon til Antarktis under det passande namnet «Antarctic». Ekspedisjonen er blitt historisk fordi ei gruppe på åtte mann greidde å kome seg i land på Kapp Adare, den første dokumenterte ilandstiging på det antarktiske kontinentet. I løpet av ekspedisjonen døydde Svend Foyn, og etter heimkomsten skifta fartøyet eigar fleire gonger. «Antarctic» vart nytta på fleire forskingsekspedisjonar til Spitsbergen og Grønland. I 1901 kjøpte den svenske geologen Otto Nordenskjöld fartøyet for å nytte henne som ekspedisjonsskip på nok ein antarktisekspedisjon. Etter å ha ført den svenske antarktisekspedisjonen til Antarktishalvøya, overvintra «Antarctic» på Falklandsøyane. Då ekspedisjonen skulle hentast ut etter vinteren, sprang skuta lekk og forliste 12. februar 1903. Først i november same år, etter ei strabasiøs overvintring, vart ekspedisjonsmedlemmane redda av eit fartøy frå den argentinske marinen som hadde kome for å leite etter den sakna ekspedisjonen.

Antarctic-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Antarctic-ekspedisjonen 1894–95.

Antarctic-ekspedisjonen vart organisert og leia av Henrik Johan Bull, ein norsk forretningsmann som hadde busett seg i Australia i slutten av 1880-åra. Bull planla ein sel- og kvalfangstekspedisjon i antarktiske farvatn. Med økonomisk støtte frå Svend Foyn, grunnleggjaren av den moderne kvalfangsten, skaffa han seg selfangstskuta «Cap Nor» som var teke ut av ishavsfangsten og låg i opplag i Sandefjord. Ifølge Bull var skuta vanskøytt, og ho gjennomgjekk fleire reparasjonar og oppgraderingar. Hun vart døypt om til det høvelege namnet «Antarctic».[2]

«Antarctic» reiste frå Tønsberg 20. september 1893 med Leonard Kristensen som kaptein. I dei følgjande månadane hadde «Antarctic» suksess med selfangst rundt subantarktiske øyar, men det var dårleg med kval. Skipet seglte vidare sørover gjennom eit isbelte og inn i Rosshavet, men kval var framleis ikkje å finne. Den 19. januar 1895 vart det gjennomført ein ilandstiging på Foyn Island i øygruppa Possession Islands, der James Clark Ross hadde planta det britiske flagget i 1841.[3]

Den 24. januar var skipa i nærleiken av Kapp Adare på den nordlegaste delen av Victoria Land på det antarktiske kontinentet. Ross-ekspedisjonen hadde ikkje vore i stand til å kome i land der i 1841, men då «Antarctic» nærma seg land, vart tilhøva rolege nok til å kunne låre ein lettbåt. Ei gruppe med Bull, Kristensen, Borchgrevink og fleire andre sindige dermed setje kursen mot ei rullesteinstrand nedanfor berget. Gruppa hevda at dette var den første ilandstiginga på det antarktiske fastlandet, men den amerikanske kapteinen John Davis kan ha vore i land på den antarktiske halvøya i 1821.[4][5]

Ekspedisjonsfartøy i arktiske farvatn[endre | endre wikiteksten]

Etter tilbakekomsten frå Antarktis vart «Antarctic» nytta på fleire ekspedisjonar til Spitsbergen og Grønland. I 1897 vart ho kjøpt av den svenske polarforskaren Alfred Gabriel Nathorst som fekk utført omfattande reparasjonar i Kristiania. Nathorst nytta skuta på ein ekspedisjon til Svalbard i eit forsøk på å finne Andrées ballongekspedisjon.[6][7][8]

I 1899 selde Nathorst fartøyet til dansken Georg Carl Amdrup som sommaren 1900 gjennomførte ein ekspedisjon til Aust-Grønland.[8] Året etter vart «Antarctic» nytta av svensken Gerard De Geer på ein ekspedisjon til Spitsbergen.

Den svenske antarktisekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den svenske antarktisekspedisjonen.
«Antarctic» i drivisen

Den svenske geologen Otto Nordenskjöld hadde delteke på «Antarctic» si ferd til Grønland i 1900. I 1901 kjøpte han inn polarskuta til sin eigen ekspedisjon som hadde til føremål å utforske dei austre og nordre delar av Den antarktiske halvøya. «Antarctic» forlét Göteborg 16. oktober 1901 med nordmannen Carl Anton Larsen som kaptein. Dei nådde Sør-Shetlandsøyane 11. januar 1902, og fortsette vidare nedover austsida av Antarktishalvøya til 60°10'S før dei snudde nordover 1. februar. Etter å ha sett igjen ei gruppe på seks menn som skulle overvintre på Snow Hill Island, fortsette «Antarctic» til Sør-Georgia. Der valde Larsen ut ein plass for ein framtidig kvalfangststasjon som han kalla Grytviken.

Etter å ha overvintra på Falklandsøyane sette «Antarctic» kursen sørover 5. november 1902 for å hente ut dei som hadde overvintra. På grunn av vanskelege isforhold sette skuta seg likevel fast i isen fleire gonger, og etter å ha kome laus ved Pauletøya var ho lekk. Larsen ville freiste å strandsette henne på øya, men den 12. februar sokk «Antarctic» om lag 40 kilometer før dei kom fram. Besetninga hadde likevel lukkast i å berge ein del forsyningar og utstyr, og dei fortsette den tunge vegen til fots mot Pauletøya. Først den 28. februar nådde dei fram og byrja å byggje ein steinhytte.[9]

I slutten av oktober 1903 valte den argentinske marinen å sende korvetten «Uruguay» for å leite etter ekspedisjonen. Den 7. november vart gruppa til Nordenskjöld funne på Seymourøya, og to dagar seinare vart Larsen og resten av skipsbesetninga funnet. Besetningsmedlemmet Ole Christian Wennersgaard hadde omkomme i løpet av vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paulsen, s. 54–55
  2. Bull (1898), s. 23–24
  3. Bull (1898), s. 152–156
  4. Burton, s. 677–78
  5. An Antarctic Timeline. South-pole.com. Vitja 16. august 2010.
  6. Alfred Nathorst, Två Somrar i Norra Ishafvet, Första delen, 1900
  7. Institutionen för geovetenskaper, Uppsalauniversitetet
  8. 8,0 8,1 Nordisk Familjebok Uggleupplagan
  9. Otto Nordenskjöld South-Pole.com